HiSF

Hopp til innholdMeny

HiSF er no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Hisf.no blir gradvis erstatta av hvl.no i 2017.

Med eCampus på nett i lærarutdanningane

Høgskulen i Sogn og Fjordane satsar stort på den nye barnehagelærarutdanninga (BLU), og gjennomfører no eit fullskala forsøk med ‘Blended learning’ med støtte frå Norgesuniversitetet. Prosjektperiode 2014-16.

Mannleg student med pc, øyreklokker og notatblokk sittande ved bord.

Verktøya er program frå Uninett si eCampus-mappe og læringstenkinga til Gilly Salmon.

Hovudmålet for prosjektet er å utvikle eit ikt-støtta opplærings- og undervisningstilbod for ei samla, deltids BLU-utdanning. HiSF er dessutan nasjonal pilot for den nye barnehagelærarutdanninga, og det er naturleg også å ta inn dei digitale utfordringane i piloten.

Erfaringsbasert utgangspunkt

Vi tar utgangspunkt i mange års erfaringar med blanda læring frå desentralisert lærarutdanning, og utviklar ein modell med bruk av Fronter, Adobe Connect, Camtasia og aktuelle lagringsmedium.

Professor Salmons modell for "e-moderating" er sentral i den didaktiske tenkinga. Modellen legg stor vekt på funksjonen e-moderator, som fyller plassen mellom faglærar og teknolog.

Opplegget skal først innførast i det aktuelle lærarkollegiet: Alle som underviser på barnehagelærarutdanninga skal med. Så skal studentane i sin tur gjennomgå delar av den same utdanninga, slik at vi får til ein spreiingseffekt heilt ut i barnehagekvardagen.

Inkluderande opplegg

Den didaktiske hovudtanken med opplegget er nettopp å inkludere alle, og at inkluderinga skjer når dei skal gjennomføre opplegg, ikkje som ei isolert opplæring.

Det blir utvikla 

  • ei konkret opplæringspakke for lærarar og studentar, bygd på tidlegare erfaringar der vi brukar materiell som alt er laga, og korte filmsnuttar som er tilpassa formålet.
  • ei eiga pakke for to kunnskapsområde i BLU som ikkje har motsvar i grunnskulelærarutdanninga, der lærarar og studentar sin produksjon og lagring av digitale ressursar står sentralt. Digital praksisforteljing er eit anna viktig element her.
  • eit kontrollopplegg for måloppnåing gjennom bruk av relevante indikatorar, gjennomført av eksterne fagfolk, mellom anna frå Norsk lærarakademi.