HiSF

Hopp til innholdMeny

HiSF er no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Hisf.no blir gradvis erstatta av hvl.no i 2017.

Global Knowledge, eitt semester

Ønskjer du å tileigne deg tverrkulturell kompetanse og global forståing? Ta Global Knowledge, og få tre månader praksis i Zambia eller på Madagaskar. Emnet utgjer 30 studiepoeng, og går i vårsemesteret.

Tron Helge.PNG

Tron-Helge (til venstre på bildet) tok Global Knowledge som del av sosionomutdanninga si. Les om oppholdet hans!

Om Global Knowledge

Du har to emne:

  • Global kulturkunnskap førebur deg til praksisoppholdet
  • Fleirkulturell prosjektpraksis med 4 veker praksis og eit større prosjektarbeid

Du lærer å

  • samhandle og kommunisere verbalt og nonverbalt med menneske frå ulike kulturar
  • utveksle synspunkt om sentrale kulturelle problemstillingar i eit nord-sørperspektiv
  • reflektere over globale perspektiv med særleg fokus på norsk og afrikansk kontekst
  • reflektere kritisk over din kulturelle ståstad og utvide eigen forståelseshorisont, i møte med andre menneske

Vil du vite meir? I studieplanen finn du meir om kva du lærer, oversikt over emne og pensum. 

Opptakskrav

Fullført 60 studiepoeng høgare utdanning. Tilleggskrav: Politiattest.

Studiestart: Januar 2017. 

Søk studieplass!

Slik søker du opptak til Global Knowledge

Søknadsfrist: 15. april