HiSF

Hopp til innholdMeny

HiSF er no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Hisf.no blir gradvis erstatta av hvl.no i 2017.

Fjernstudentar

Studentar som er knytt til HiSF gjennom fjernundervisning, desentraliserte studium eller nettstudium, kan nytte biblioteket sine tenester. Biblioteket har som målsetjing at fjernstudentar skal få tilgang til dei same bibliotektenestene som studentar som oppheld seg på campus.

Lån3154515-xxlarge.jpg

Som brukar kan du tinge lån og kopiar gjennom Oria.  Les meir om korleis du kan reservere og bestille litteratur
Vi effektuerer lån frå eiga samling og ordnar med innlån frå andre bibliotek. Dersom avstanden er for stor til at du kan hente bøker og artikkelkopiar sjølv, sender vi til ditt næraste folkebibliotek - eller heim til deg dersom dette er vanskeleg. Returen må du ordna sjølv. Mange folkebibliotek vil ordne dette for sine brukarar.
 

Lånekort

Studentkortet er ditt  lånekort .

Forny sjølv

Ved å logge på Mi Side i Oria kan du få oversyn over eigne lån og reserveringar, og du kan forlenge lånetida sjølv.

Oria

Biblioteket sine samlingar er registrerte i Oria, det felles biblioteksystemet for universitet- og høgskulebiblioteka, Nasjonalbiblioteket og fleire fag- og forskingsbibliotek i Noreg. Lær deg å søke i Oria.

Tilgang til andre databasar

HiSF tilbyr tilkopling til datanettverket via VPN - virtuelt privat nettverk. Dette gir deg tilgang til alle ressursane. Følg denne rettleiinga, men har du problem med å få dette til, ta kontakt med IT-gruppa.

Kurs/opplæring

Biblioteket tilbyr undervisning i informasjonssøking i samarbeid med studie- eller emneansvarleg.

Du kan også be om individuell hjelp frå biblioteket.