HiSF

Hopp til innholdMeny

HiSF er no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Hisf.no blir gradvis erstatta av hvl.no i 2017.

ASK - Active Smarter Kids

ASK er eit utviklings- og forskingsprosjekt som skal undersøke om auka fysisk aktivitet i samspel med dei tradisjonelle faga påverkar skuleprestasjon, skuletrivsel og helse hjå majoriteten av elevar i 5. klassetrinn i Sogn og Fjordane gjennom eitt skuleår (2014/15).

ASK bilete

Formålet

ASK blir gjennomført fordi det i dag er utilstrekkeleg kunnskap om korleis auka fysisk aktivitet i skulen verkar inn på skuleprestasjon, skuletrivsel og helsevariablar. Denne kunnskapen er viktig både i eit læringsperspektiv og eit førebyggande folkehelseperspektiv. ASK-prosjektet vil truleg gi samfunnet verdifull kunnskap om organisering av skulekvardagen, metodar for betre læring og førebyggande helsearbeid.

«Randomisert kontrollert intervensjonsstudie»

ASK-prosjektet er eit såkalla intervensjonsprosjekt som betyr at ein set i gang eit tiltak, for deretter å måle verknaden. For å måle verknad av ASK-modellen vil halvparten av skulane (ca. 30 skular og 600 elevar) gjennomføre «dagleg fysisk aktivitet» og den andre halvparten (ca. 30 skular og 600 elevar) vil halde fram som før og fungere som kontrollgruppe.

Dei ca 30 skulane som blir trekt ut som kontrollgruppe, men likevel ynskjer ASK-opplegget, vil få tilbod om det, men eit år seinare (i 6. klasse, skuleåret 2015/16). Tilbodet til skular i kontrollgruppa inkluderer HiSF-kurset «vidareutdanning i fysisk aktivitet i skulen»(våren 2015) for ca. to lærarar frå kvar skule. Kva skular som skal vere intervensjonsskule eller kontrollskule blir tilfeldig trekt ut av ein nøytral tredjepart.

Prosjektgruppa

Prosjektgruppa består av HiSF og ei rekke samarbeidspartnarar. ASK sitt leiarteam ved HiSF er prosjektleiar Sigmund A. Anderssen og prosjektkoordinator Geir K. Resaland. Prosjektet er eit samarbeid mellom HiSF, dei fire skuleregionane og kommunane i fylket. I tillegg er ei rekke nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar med.