HiSF

Hopp til innholdMeny

HiSF er no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Hisf.no blir gradvis erstatta av hvl.no i 2017.

Læraren som bygdehøvding

- eit delprosjekt i NFR-prosjektet Lærande regionar.

Prosjektansvarleg: Gunnar Yttri, HiSF.

I dette kapittelet vert det stilt spørsmål om lærarane i Sogn og Fjordane har ein spesielt høg status. Om så er tilfellet, kva kan det kome av? Prosjektet undersøker spørsmålet historisk ved å sjå på studier av rekruttering til læreryrket fram til 1950, ikkje berre for Sogn og Fjordane, men for alle fylka. Eit tydeleg resultat er at i heile første halvdel av 1900-tallet var Sogn og Fjordane det fylket som hadde den desidert sterkaste rekrutteringen til læraryrket. Spørsmålet blir så om årsaka til denne regionale forskjellen kan vere at rekrutteringa til læraryrket kan forklarast med at læreren har ei sterkare stilling  i Sogn og Fjordane enn i andre fylke, noko som også tittelen på kapitlet antyder. Begrepet kulturell kapital kan bidra til å gi ei forklaring. Spørsmålet er ennå ikkje besvart, og fortsettelsen følgjer.

Innleiing

I vårt samtidige utdanningsordskiftet vert læraren gjeven ei nøkkelrolle i utviklinga av læringsmiljø og for at den einskilde eleven skal lukkast på skulen. Store ressursar vert sett inn for å auka statusen til læraren. Dette vert rekna å vera nøkkelen til å løfta skulen og eleven. Sogn og Fjordane står i dette ordskiftet fram som eit fylke som provar sambandet mellom høg lærarstatus og gode læringsmiljø. Dette vert prova gjennom høg søknad til lærarutdanning og samtidig gode resultat på nasjonale prøvar. Men har læraren i Sogn og Fjordane ein særskild høg status? Og kva skuldast i så fall dette?

Prosjektet undersøker dette spørsmålet historisk gjennom saumfaring av ulike studiar av rekruttering til læraryrket fram mot 1950, ikkje berre for Sogn og Fjordane, men for alle fylke i landet. Frå tidlegare er det etablert at Vestlandet (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal) var den landsdelen som rekrutterte sterkast til lærarutdanninga både på 1800- talet og 1900-talet, medan det sentrale Austlandet og byane, og særskilt Oslo, rekrutterte svakt. Omgrepet ”Vestlandslærar” står såleis sterkt i norsk skulehistorie, både fordi lærarane frå Vestlandet var so talrike, men også fordi mange av dei var berarar av særskilde verdiar i spennet mellom kristen pietisme, målstrev og norskdom, og mange med eit langt større samfunnsansvar enn det som berre låg til læraryrket. (Litteratur: Høydal, Lange, Høverstad, m.fl)

Vår undersøking tek i bruk nyare tilrettelagd talmateriale, eit talmateriale som gir dei mest presise data for rekrutteringa til norsk lærarutdanning frå 1900-1950. Det er egna til å nyansera biletet som er skapt av rekrutteringa til læraryrket, ikkje berre frå vestlandsfylka, men for dei ulike landsdelane og fylka i heile Noreg. (Spørsmåla dette reiser vert drøfta opp mot tidlegare teoriar om kvifor det var skilnader i rekruttering til læraryrket. Tilfellet Sogn og Fjordane vert attåt tidlegare økonomiske og demografiske forklaringar også forstått i ein større kulturhistorisk kontekst.

Forskingsspørsmål

Korleis har dei ulike fylka og dei i Noreg historisk rekruttert til lærarutdanninga? Kva er bakgrunnen for variasjonen i rekrutteringa? Hadde læraren ein særskilt høg status i det fylket som rekrutterte aller best? Kva skuldast i tilfelle denne statusen?

Metode

Studiar av historisk og samfunnsfagleg litteratur, og jamføring av desse tekstane opp mot nye data. Nye funn vert sett i lys av tidlegare presenterte teoriar, og i den grad desse vert funne utilstrekkelege, vert nye forklaringar undersøkt. 22

Dei viktigaste funna til no

Sogn og Fjordane var det fylket som jamført med folketalet i den undersøkte perioden (1900- 1950) hadde den suverent sterkaste rekrutteringa til lærarutdanninga i Noreg.

Inntrykket av at heile Vestlandet rekrutterte sterkt til lærarutdanninga, må modererast mykje. Rogaland rekrutterte relativt dårleg. Nest etter Sogn og Fjordane er Nord-Trøndelag det fylket som rekrutterte best til lærarutdanninga. Fylka Aust-Agder, Vest-Agder, Oppland har alle i perioden ein høgare rekruttering til lærarutdanninga enn kva folketalet skulle tilseia.

Tidlegare forklaringar på regionale skilnader i lærarrekruttering (næringsstruktur, arbeidsmarknad og sosiale strukturar), har ikkje tilstrekkeleg forklaringskraft og må utfyllast av andre. Ei kulturhistorisk forklaring vert presentert.

Spørsmål med relevans for dagens utdanningsordskifte

  1. Kva kan forklara regionale skilnader i rekrutteringa til læraryrket? Næringsstruktur? Sosiale strukturar? Arbeidsmarknad? Kulturskilnader?
  2. Kan høgare ”status”for læraren vedtakast politisk og endrast på kort sikt med hjelp av økonomisk kapital (løn) eller kulturell kapital (lengre utdanning, høgare karakterkrav)? Eller er eit yrke sin ”status” resultat av langvarige sosiale og kulturelle prosessar, der tiltaka og arbeidet ein gjer i dag, får innverknad først om fleire år?

Utvald referanselitteratur

  • Bakke, Karl (red.) (1952), Norske Skulefolk
  • Høydal, Reidun (1995), Periferiens nasjonsbyggjarar: vestlandslæraren og Volda lærarskule.
  • Lange, August (1947), Hvem blir lærere – og hvorfor?
  • Nordstrand, Arve (1975), Rekrutteringen til lærerskolene i tiden 1902 til 1926.
  • St.meld. nr. 9 (1954), Om tiltak til styrking av skoleverket. Vedlegg 2. Rekruttering til lærarskolen 1951 og 1938
  • Strømsnes, Åsmund L. (2006), Folkeskulelærar i Fattig-Noreg

Presentasjon - Lærende regioner sluttkonferanse 12.-13.mars 2015

PDF icon Læraren som bygdehøvding