HiSF

Hopp til innholdMeny

HiSF er no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Hisf.no blir gradvis erstatta av hvl.no i 2017.

Lærande Regionar

Lærande Regionar er eit PRAKUT- prosjekt støtta av Norges Forskningsråd. Prosjektet undersøker kva som gir gode skuleresultat.

Elevar i klasserom
Kvifor gjer elevar i Sogn og Fjordane det så bra på skulen?

Sogn og Fjordane-paradokset

Sogn og Fjordane har prestert på topp i nasjonale prøvar i matematikk, norsk og lesing sjølv om inntekts- og utdanningsnivået i fylket er lågare enn det nasjonale gjennomsnittet. Kva kan vere grunnane til at elevar i Sogn og Fjordane likevel gjer det så bra?

Dette er spørsmålet tolv forskargrupper i Lærande Regionar har forska på, organisert i tre delprosjekt.  

Delprosjekt 1-3: Skule og samfunn

1. Skulen som regionalt prosjekt eller Investigating the Lucky Loser      

2. Læraren som bygdehøvding 

3. Finst det nynorske tospråksfordelar?

Delprosjekt 4-8: Tradisjonar og modellar i regionar og kommunar

4. Påverkar ulike styringssystem elevane sine skuleprestasjonar? 
 

5. Skulen som forandringsinstitusjon - foreldra si rolle
 

6. Eit lærande utdanningssystem? Tilfellet Sogn og Fjordane 
 

7. Skuleekstern kultur og skuleresultat
 

8. Lærarkompetanse og skuleresultat