HiSF

Hopp til innholdMeny

HiSF er no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Hisf.no blir gradvis erstatta av hvl.no i 2017.

Biblioteket

Søk i ORIA

Heile biblioteket i eitt søk

Lurer du på noko?

Utskrifter

Kvifor kjem det opp "ingen kreditt" når eg veit at eg har pengar på studentkortet mitt?

Då har det oppstått ein feil i kortet, og IT må løyse det for deg.
Kontakt IT-hjelp

Kvar er det skrivarar tilgjengeleg på campus i Sogndal?

  • Høgskulebygget: 2 små og 2 store skrivarar i kopirom i 4.etasje (døgnopen sone i biblioteket) - sjå evt kartet
  • Fossbygget : Liten og stor skrivar i 2.etg, stor skrivar i 3.etg. Begge i korridor.
  • Stadionbygget: Liten og stor skrivar i «Glasburet» datalab ca. midt på langsida, 2.etg.
  • Svingen: Liten og stor skrivar utanfor grupperomma der.
  • Guridalen: Liten og stor skrivar i korridor utanfor klasseromma
 

Eg har aldri teke utskrift før og får ikkje studentkortet mitt til å virke?

Første gong du brukar studentkortet til utskrift, kopiering eller scanning må du aktivere det.
Her finn du oppskrift på korleis du aktiverar studentkortet.

Er det mogeleg å få scanne eit dokument nokon stad?

Ja, frå alle pullprint-maskiner er det mogeleg å scanne, vel scan til epost på kontrollpanelet.
Dokumenta vert sendt til deg på epost (pdf).
 

Kva kostar det å kopiere og skrive ut?

Prisar per side for svart/kvitt er kr 0,40 for A4 og kr 0,80 for A3.
Per side for fargeutskrift/kopi kostar det kr 2,00 for A4 og kr 4,00 for A3.
 

Kan eg senda utskrift frå min eigen bærbare pc/mac?

Nei, dette er det diverre ikkje mogeleg å gjera enno.
Du må logge deg på ein av høgskulen sine pc'ar og sende utskrift derifrå.

Kvar kan eg ta utskrift og kopiere?

Du kan ta utskrift på alle skrivarar i HiSF sine bygg! Du vel alltid "Pullprint". Når du trekkjer studentkortet ditt, blir du gjenkjent og kan hente ut det du har bestilt utskrift av. Du må bruke stasjonære pc-ar ikkje eigen bærbar. Biblioteka har eit eigne rom med fleire printarar/kopimaskiner. Her er det også makuleringsmaskin, stifte- og holemaskiner. Print-/kopirommet iSogndal ligg i døgnopen sone og er tilgjengeleg for deg 24/7.
 

Kva skrivar skal eg velje?

Du skal alltid velje "PullPrint" uavhengig av kvar du er.

IT-hjelp

Eg er på besøk og treng tilgang til høgskulenettverket er det mogeleg?

Ja, vi kan opprette ein gjestekonto for deg.
It-hjelp eller biblioteket kan hjelpa deg med dette.

Korleis kjem eg inn på trådlaust nettverk?

Vel det trådlause nettverket Eduroam.
Sjå brukarrettleiing for Eduroam her.

Mitt HiSF brukarnamn og passord virkar ikkje?

Ta då kontakt med IT-hjelp!  

Finns det hjelp til korleis bruke Fronter og Studentweb?

Ja, du finn brukarrettleiingar for m.a. Fronter og Studentweb under sida for IT-støtte!

Grupperom

Kor lenge kan vi reservere eit grupperom?

Du kan reservere eit grupperom for 2 x 4 timar per veke. Dette gjeld måndag til fredag mellom kl. 8-16, utanfor dette tidsrommet kan du bestille fritt.
 

Korleis reservere grupperom?

For å sjå når dei ulike grupperomma er ledige går du først inn i romplanen i TimeEdit. I søkefeltet skriv du inn 'grupperom' eller 'seminarrom'.
Du får då opp alle romma og kan velje dei som er aktuelle. Justerer eventuelt for tidsrom. Deretter kan du logge deg inn (med ditt vanlege brukarnamn og passord) og booke grupperom. 
Framgangsmåte og reglar for bestilling av gruppe- og seminarrom finn du her.  

Finst det grupperom i biblioteket?

Det er i alt 11 grupperom på biblioteket i Sogndal.
4 av desse finn du i døgnopen sone i 4 etg.
I 5 etg oppe på messaninen er det 7 grupperom, av desse er 4 store seminarrom og 3 mindre grupperom.
Her er oversikt over alle grupperom i Sogndal.
Her ser du og kva slags utstyr du kan finne på dei ulike grupperomma.
I Førde er det i alt 10 grupperom i, eller i nærleiken av biblioteket. Grupperomma er av ulik storleik, dei har mellom 6 og 10 plassar.    

Bestille og låne bøker

Får eg beskjed når boka eg har reservert kjem inn?

Ja, du får beskjed på sms dersom du godtok det då du registrerte deg som student. Elles sender biblioteket epost til din student-adresse.

Kan eg låne pensumbøkene på biblioteket?

Biblioteket har nokre få eksemplar av kvar pensumbok, så svaret på spørsmålet er ja, det kan du, men lånetida er 4 veker, og dersom det er venteliste, får du ikkje forlenga lånetida. Biblioteket tilbyr dagslån av dei fleste pensumbøkene - det vil seie at du kan låne boka, men må levere innan kl 9 neste dag. Generelt er det meininga at du skal kjøpe pensumlitteraturen - du vil nok trenge dei fleire gonger gjennom studiet - og gjerne seinare også.

Er det mogeleg å låne bøker som ikkje finns på HiSF sine bibliotek?

Ja, me låner inn matriale me ikkje har sjølv frå andre bibliotek.
Dette gjeld for høgskulen sin studentar og tilsette.

Kor mange gonger kan eg fornye låna mine?

Du kan fornye eit lån inntil 5 gonger.
Bøker det er venteliste på får du ikkje fornye.

Kan eg reservere bøker som er utlånt?

Ja, det kan du! Søk opp den aktuelle boka i Oria, logg deg på øvst til høgre og vel "bestill dokument" som står rett under boka du er ute etter.

Kva er mitt lånekort i biblioteket?

Det er studentkortet ditt! Når du skal låne i automatane, snur du kortet og scannar baksida.
 

Eg er ikkje student på HiSF. Kan eg likevel låne bøker på biblioteket her?

Ja, det kan du! Du må møte fram i biblioteket (på dagtid, dvs før kl 15:30) og vise gyldig legitimasjon. Meir informasjon om korleis låne finn du her. 

Kan eg levere bøker i eit anna bibliotek?

Ja, dei aller fleste folke- og fagbibliotek i Norge tek imot bøker frå andre bibliotek og sender dei til eigarbiblioteket.