HiSF

Hopp til innholdMeny

HiSF er no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Hisf.no blir gradvis erstatta av hvl.no i 2017.

Lærarkompetanse og skuleresultat

- eit delprosjekt innan NFR-prosjektet Lærande regionar.

Prosjektleiarar: Terje Myklebust og Anne Norstein, HiSF

HiSF har i meir enn ti år tilbydd minst 30 studiepoeng i matematikk  som vidareutdanning for lærarar og fordjupingsemne for eigne studentar. Denne studieforma, der deltidsstudentar tek vidareutdanning medan dei er i arbeid, er noko som har vorte meir vanleg dei seinare åra. På denne bakgrunnen ynskte vi å undersøke om ei mogleg forklaring på dei gode elevprestasjonane i Sogn og Fjordane kunne ha samanheng med eit høgt utdanningsnivå hjå lærarane i fylket. Tidlegare studiar har vist at det er ein samanheng. Vi har difor samla inn data som viser utdanningsnivået til lærarar i matematikk på 8., 9. og 10 trinn. Dette har vi samanlikna  med gjennomsnittskarakteren som klassen oppnådde i matematikk ved grunnskuleeksamen.

Resultata visar ein ikkje-lineær samanheng mellom læraren si utdanning og eksamensresultat. Det ser ut som effekten av læraren si utdanning aukar mest for dei første studiepoenga, og det er kanskje ikkje overraskande. Forklaringsvariablane: i) andelen kvinner i kommunen med minst vidaregåande skule; ii) talet på elevar i klassen og iii) utdanning til læraren, viser alle signifikant effekt. Men konklusjonen er likevel at utdanningsnivået til lærarane ikkje forklarar forskjellen mellom fylka. Heller ikkje klassestorleiken og andelen kvinner i kommunen med minst vidaregåande forklarar forskjellen mellom fylka. Det kjem av at ingen av desse variablane er veldig ulike i desse fylka.

Presentasjon - Lærende regioner sluttkonferanse 12.-13.mars 2015

PDF icon Lærarkompetanse og skuleresultat