HiSF

Hopp til innholdMeny

HiSF er no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Hisf.no blir gradvis erstatta av hvl.no i 2017.

Eit lærande utdanningssystem? Tilfellet Sogn og Fjordane

- eit delprosjekt innan NFR-prosjektet Lærande regionar.

Prosjektleiar: Øyvind Glosvik, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Sidan slutten av 90-talet har Sogn og Fjordane som utdanningssystem fungert på ein noko annan måte enn fylke vi kan samanlikne oss med. I denne studien er ‘utdanningssystem’ definert som relasjonane mellom aktørane som deltek i det. I denne meininga peikar fylket seg ut på  desse områda:

For det første gjennom ein tradisjon og ein struktur for tette dialogar mellom sentrale aktørar innanfor skule-systemet: skuledirektør, dekan for lærarutdanninga ved HiSF, leiar for Utdanningsforbundet, sentrale, kommunalsjefar for skule- og oppvekst og KS. Dette er ikkje eit beslutningssystem, men ein arena for verkemiddelsamordning og politikkutforming. For det andre er det eit system som fungerer på kommunane sine premissar, utdanningspolitikken blir iverksett med omsyn til skuleeigarnivået. For det tredje er det eit system for omfattande etter- og vidareutdanning av lærarar som går vidare og lengre enn det statens eige system legg opp til. For det fjerde er systemet ei arbeidsform prega av det ein kallar ‘lærande møte’. Utgangspunktet var eit ønske om å utfordre kommunane til å ta ansvar for skuleutvikling på ein langt meir dynamisk og konstruktiv måte enn møte mellom statsforvaltninga og kommunesektoren vanlegvis legg opp til.  

Dei gode skuleresultata i Sogn og Fjordane er ikkje eit resultat av dette systemet, heller har resultata bidrege til at systemet er blitt styrka og verdien av det er blitt underbygd. Studien byggjer på kvalitative data, og resultatet blir presenterte som modellen «eit lærande utdanningssystem».

Presentasjon - Lærende regioner sluttkonferanse 12.-13.mars 2015

PDF icon Eit lærande utdanningssystem