HiSF

Hopp til innholdMeny

HiSF er no ein del av Høgskulen på Vestlandet. Hisf.no blir gradvis erstatta av hvl.no i 2017.

Finst det nynorske tospråksfordelar?

Kan dei uventa gode resultata på nasjonale prøvar til elevar frå Sogn og Fjordane på nokon som helst måte skuldast det språkmiljøet dei veks opp i?

Prosjektleiarar: Øystein A. Vangsnes, Universitetet i Tromsø og Göran Söderlund, Høgskulen i Sogn og Fjordane. 

Bakgrunn

Språkmiljøet til elevane i Sogn og Fjordane vil seia eit der nynorsk utgjer ein viktig del, og spørsmålet kan ved første augekast verka heilt sprøtt: Kvifor skulle oppvekst med nynorsk gi betre skuleresultat enn oppvekst med bokmål?

Vel, lat oss byrja med å slå fast noko dei fleste truleg vil gå med på: Born som veks opp med nynorsk som opplæringsmål, lærer samtidig bokmål medan det motsette i liten grad er tilfelle. Nynorskelevar blir i stor grad eksponerte for bokmål allereie frå før dei byrjar å lesa og skriva og det blir berre forsterka seinare. Eksponeringa for nynorsk er derimot til samanlikning minimal for dei aller fleste bokmålselevar fram til dei møter nynorsk som sidemål på ungdomsskulen. Sagt på ein illustrerande måte: Alle nynorskelevar les teikneseriar på bokmål. Teikneseriar på nynorsk finst knapt.

Dette inneber at nynorskelevar får ei rikare skriftspråkleg stimulering enn dei fleste bokmålselevar. Men kva så? Skulle det ha noko å seia?

Vi kjem tilbake til det. Lat oss først konstatera at Sogn og Fjordane er det einaste så å seia reine nynorskfylket i Noreg. I skuleåret 2012-2013 hadde 97,4% av elevane i grunnskulen i Sogn og Fjordane nynorsk som opplæringsmål. I Møre og Romsdal som har nest-mest nynorskelevar, var andelen 51,5% og Hordaland på tredjeplass hadde 38,7% (kjelde: Utdanningsdirektoratet). Dette inneber at dersom det skulle vera gunstig å ha nynorsk som opplæringsmål, då skulle vi sjå effekten av det tydelegast i Sogn og Fjordane.

Viss vi dinest fortel at omfattande internasjonal forsking dei siste tiåra har slege fast at oppvekst med to språk gir gunstige effektar på den allmenne, mentale utviklinga til born, framstår kanskje det innleiande spørsmålet som litt mindre sprøtt. Men framleis vil sikkert mange lesarar innvenda at nynorsk og bokmål jo berre er variantar av det same språket – norsk – og at det dessutan handlar om to skriftlege variantar som følgjer dei same ortografiske prinsippa og der kunnskapen om variantane først og fremst handlar om å lesa og skriva dei.

Dette siste er ei legitim innvending. Spørsmålet er om ho er gyldig, og i dette kapittelet skal vi visa at ho truleg ikkje er det. Kapittelet gjer greie for forsking utført i delprosjekt 3 i Lærande regionar. Delprosjektet heiter Tospråklegheit og tek utgangspunkt i nettopp spørsmålet om den språksituasjonen elevane i Sogn og Fjordane veks opp i, kan sjåast i lys av funn frå den internasjonale tospråksforskinga.

Tospråksfordelar

Det var tidlegare ei utbreidd oppfatning blant både språkvitarar, helsepersonell og pedagogar at tospråklegheit var ei belastning for eit lite barn: Ein meinte det kunne seinka den generelle utviklinga til barnet og det kunne føra til språkleg forvirring og at barnet rett og slett fekk ei dårleg språkutvikling.

I dag veit vi betre. Og vi veit at det snarare er stikk motsett, nemleg at det å veksa opp med meir enn eitt språk gir ei rekkje fordelar, både av språkleg og av allmenn, intellektuell art (Bialystok, 2006; Gollan & Ferreira, 2009). Språkleg sett utviklar to- og fleirspråklege born eit større språkleg medvit – ein betre evne til å oppfatta og forstå strukturelle skilnader mellom språk – og denne evna hjelper dei ikkje minst om dei seinare gir seg i kast med å læra framandspråk (Alario et al., 2008; Costa et al., 2005).

Men i tillegg ser vi andre, meir generelle effektar som ikkje er direkte knytte til språkevna. Det er til dømes dokumentert at tospråklege born utviklar evna til å ta andre sitt perspektiv i snitt eitt år tidlegare enn einspråklege born. Tospråklege born gjer det også betre i undersøkingar av evna til å planleggja, setja i gang og avslutta handlingar og av evna til å styra merksemd. Desse evnene er sentrale for tileigning av akademisk kunnskap, og i skulesamanheng har tospråklege born såleis i utgangspunktet ein del fortrinn over einspråklege.

Vi kan sjå litt nærmare på desse ulike fortrinna, og vi byrjar med det språklege.

Lingvistiske fordelar med tospråklegheit

Tospråklege born legg i større grad merke til korleis språk fungerer enn einspråklige – dei utviklar ein større metaspråkleg kompetanse, altså eit større språkleg medvit (Bialystok et al., 2008; Costa et al., 2009). Dette gjer dei tospråklege borna betre rusta til å læra eit tredje språk, og gjer også at dei ofte startar tidlegare å lesa enn einspråklege.

Eit konkret døme på denne metaspråklege kompetansen er at tospråklege born som lærer alfabetbaserte språk tidligare forstår forholdet mellom bokstavar og lydar. Viss ein til dømes spør born kva som er det lengste ordet av tog og lastebil, vil tospråklege born tidlegare i livsløpet enn einspråklege gi det korrekte svaret «lastebil».

Tospråklege har vidare to ord for den same tingen, lat oss seia norsk fisk og nordsamisk guolli, og med det blir dei også betre til å skilja form frå tyding. Og sjølv om tospråklege og einspråklege kan vera like flinke til å kjenna att ein grammatisk feil, er tospråklege betre i stand til å skjønna at ei setning kan vera grammatisk korrekt sjølv om tydinga er rar. Det har til dømes vore gjort forsøk for engelsk som viser at medan alle born kan vera med på at setninga Apples growed on trees (‘Epler voks på tre.’) inneheld ei gal verbform – growed istadenfor grew – så er det fremst tospråklege som går med på at ei setning som Apples grow on noses (‘Epler veks på nasar.’) er grammatisk velforma.

Slik forsterka metaspråkleg kompetanse gjer tospråklege betre rusta til å læra eit tredje språk seinare, noko fleire studiar har vist. Det er òg haldepunkt for å seia at tospråkleg skriftspråksopplæring aukar denne effekten, altså at tospråklege born som kan lesa og skriva begge språka sine, er endå betre til å læra eit tredje språk enn tospråklege som berre har fått lese- og skrivetrening i eitt av språka sine.

Hugmedvit/mentalisering

Ei anna, meir allmenn mental evne som tospråklege utviklar tidlegare enn einspråklege, er såkalla Theory of Mind som på norsk gjerne blir kalla ‘mentalisering’. Dette er i følgje Skårderud og Sommerfeldt (2008) «et samlebegrep om implisitt og eksplisitt å fortolke egne og andres handlinger som meningsfulle ytringer av indre liv, eksempelvis behov, ønsker, følelser og fornuft». Vi snakkar altså om evna til å forstå at andre menneske kan ha eit anna perspektiv, at andre kan tru, vita eller ønskja noko anna enn ein sjølv. I Vangsnes (2013) blir omgrepet kalla ‘hugmedvit’.

Små born manglar slik mentaliseringsevne/hugmedvit, men alle funksjonsfriske born utviklar det i førskulealder. Ein måte å avdekka om evna er utvikla, er såkalla ‘false belief’-testar, det vil seia testar av om borna kan tillegga andre ‘gale oppfatningar’. Ein slik test er den såkalla Sally Anne-testen. Den går ut på at ein har eit lite rollespel med dei to dokkene Sally og Anne. Sally har ei korg og Anne har ei øskje. Sally har ein kjeks som ho legg i korga si under eit lite teppe. Så går ho ut og leiker. Medan Sally er borte, tek Anne kjeksen og legg den i øskja si. Den som utfører testen fortel barnet heile vegen kva som skjer og spør små spørsmål for å sjekka om barnet har fått med seg kva som føregår.

Når Sally så kjem tilbake etter å ha vore ute, blir barnet spurt: «Kor kjem Sally til å sjå etter kjeksen sin?» Viss barnet svarar «i øskja til Anne», har det ikkje ei forståing av at Sally ikkje har den same kunnskapen som barnet sjølv sit på. Men dersom barnet svarar «i korga si», har det vist at det er i stand til å setja seg inn i Sallys ståstad. Då har barnet evne til mentalisering. Dei fleste born klarar slike og andre testar først når dei er rundt fire år gamle, men tospråklege klarar testane jamt over allereie ved treårsalder (Farhadian et al., 2010; Goetz, 2003) Ei mogleg forklaring på den tidlegare utviklinga av hugmedvit er at tospråklege born er vande til heile tida å måtta vurdera kva for eit språk dei kan bruka med ulike personar. Dei skjønnar at nokre personar berre kan det eine av dei to språka dei sjølve meistrar, og med det blir dei også betre til å forstå at andre menneske kan sitja på annan kunnskap enn dei sjølve.

Utøvande kontroll

Ei anna allmenn mental evne som tospråklege born utviklar tidlegare og betre enn einspråklege, er såkalla utøvande kontroll (engelsk ‘executive control’, ‘executive functions’). Dette gjeld evna til å planleggja, setja i gang og avslutta handlingar og til å styra merksemd. At tospråklege jamt over utviklar denne evna betre, viser seg på ulike måtar. For det første er dei flinkare til å byta mellom oppgåver der instruksane blir endra undervegs. Dei er også flinkare til å fokusera merksemda på ein ting og samtidig oversjå ein annan (selektiv merksemd), og for det tredje klarar dei i større grad å undertrykkja informasjon som er irrelevant der og då.

Vi kan sjå på nokre døme på korleis ein har komme fram til dette. På illustrasjon 1 ser vi trekantar, sirklar og firkantar med ulike fargar. Dei kan sorterast etter form, nummer eller farge.

image007.png

Viss ein til dømes ber ungar i 4-årsalderen om å sortera figurane etter form, og så etter ei stund ber dei om å sortera etter farge, vil dei aller fleste fortsetja som før og sortera etter form. Men tospråklege vil tidlegare enn einspråklege innsjå at føresetnadene er endra og då ta laus på den nye oppgåva.

Evna til å undertrykka irrelevant og/eller motstridande informasjon kan illustrerast med dei følgjande to tabellane. I den første er det samsvar mellom orda og fargen dei er skrivne med. I den andre tabellen er det derimot ikkje samsvar mellom orda og fargen dei er skrivne med.

Stroop test - kongruent:

Strooptekstn - kongruent.PNG

Stroop test - Inkongruent:

Stroop test - inkongruent.PNG

Viss ein får i oppgåve å seia fargen på kvart ord i dei to tabellane, er det ingen tvil om kva for ein av dei det er lettast å utføra oppgåva på. I den første tabellen er det jo berre å lesa opp det som står skrive, men i den andre tabellen er det langt vanskelegare i og med at det ikkje er samsvar mellom farge og det som står. Det skuldast at lesing er svært automatisert og vi må difor undertrykkja trangen til å lesa det som står når vi i staden skal namngi fargane.

I testar som tek utgangspunkt i slike oppgåver, viser det seg at tospråklege gjer det betre enn einspråklege, noko som då tyder på at tospråklege er flinkare til å undertrykkja motstridande informasjon. Eit forslag til forklaring på kvifor det er slik, er at tospråklege jamleg står overfor ei utfordring som er irrelevant for einspråklege: Dei må heile tida velja eitt av språka sine og samtidig unngå forstyrring frå det andre. Gitt at dei to språka alltid er aktive, må tospråklege heile tida «filtrera ut» det eine språket når dei snakkar det andre, og med dette utviklar dei ein kontrollmekanisme som dei også kan bruka i andre samanhengar der informasjon skal undertrykkjast.

Kognisjon og læring

I eit allment læringsperspektiv er det klart at velutvikla utøvande kontroll er ein god føresetnad for læring generelt. Det å kunna lettare byta mellom oppgåver og det å undertrykkja irrelevante forhold i læringssituasjonen er ein fordel for dei individa som meistrar dette godt. Såleis kan ein forventa ein samanheng mellom tospråklegheit og gode skuleprestasjonar.

Med det har vi komme til eit punkt der vi kan venda tilbake til spørsmålet om meistring av både nynorsk og bokmål kan reknast som tospråklegheit og om det er rimeleg å tru at den observerte positive effekten på resultata i nasjonale prøvar i nynorskkommunar på nokon måte kan førast til språkstimuleringa borna får.

 Resultat: nasjonale prøvar, målform og sosio-økonomi

I Vangsnes, Söderlund og Blekesaune (under utgiving) har vi teke utgangspunkt i resultata på dei nasjonale prøvane i lesing, rekning og engelsk i 8. klasse gjennomførte på hausten 2009, 2010, 2011 og 2012. Desse resultata vert halde saman med informasjon om målform i grunnskulen og sosio-økonomiske forhold på kommunenivå. 416 av landets 429 kommunar og 99,7% av heile den nasjonale populasjonen av åttandeklassingar i dei fire åra som er med i undersøkinga.

For å kunna samanlikna fleire prøvar mellom ulike kommunar er resultata standardiserte slik at gjennomsnittsverdien for alle resultat blir ein standardverdi for kvar test. Når vi sidan gjer samanlikningar mellom ulike fylke og grupper, ser vi då på avvik frå desse standardverdiane.

Kommunar med eit visst innslag av nynorskelevar (meir enn 10%) utgjer om lag 14% av kommunane i undersøkinga. Med ‘nynorskelevar’ meiner vi her elevar som har nynorsk som hovudmål. Når ein ser på det gjennomsnittlege resultatet på nasjonale prøvar i dei tre emna i desse «nynorskkommunane», så er ingen skilnad mellom nynorskkommunane og landet for øvrig. Når vi så tek høgde for sosio-økonomiske forhold endrar derimot biletet seg.

Dei sosio-økonomiske faktorane som spelar inn på variansen i dei nasjonale prøvane, er (i) utdanningsnivået til foreldra, (ii) kvinneleg yrkesaktivitet og (iii) skilsmisseraten [referanse]. Utdanningsnivået målt etter andelen av befolkninga med ein grad frå høgare utdanning er den viktigaste faktoren. Når ein tek høgde for denne faktoren, er resultata i nynorskkommunane statistisk sett betre enn forventa og effekten er statistisk sikra. Utdanningsnivået i desse kommunane er altså for det meste lågare enn landsgjennomsnittet, og når vi justerer for dette, er resultata i nynorskkommunane samla sett betre enn forventa.

Born frå familiar der mor er i arbeid, gjer det statistisk sett litt betre enn når mor er heimeverande. Når vi også tek høgde for denne faktoren, er prøveresultata framleis betre enn forventa i nynorskkommunane. Sjølv om talet går litt ned er det framleis statistisk signifikant. At effekten ikkje blir like stor, skuldast altså at fleire kvinner er i arbeid i nynorskkommunar enn i hele landet. 

Tredje og siste faktor i modellen er skilsmisseraten. Born frå familiar med to foreldre, gjer det betre enn dei berre ein forelder, og i nynorskkommunar er andelen intakte familiar noko større enn landsgjennomsnittet. Like fullt gjer nynorskkommunane det også etter dette noko betre enn forventa, og talet er framleis statistisk signifikant. Rett nok minskar nynorskeffekten noko for kvar faktor som blir lagt til, noko som skuldast at desse i seg sjølv forklarar ein del av variansen i nasjonale prøvar.

Spørsmålet er ikkje minst aktuelt all den tid vi veit at nynorskkommunane ikkje ligg spreidd rundt omkring i heile landet men snarare utgjer eit større samanhengande område på Vestlandet og tilgrensande strok på indre og vestlege delar av Aust- og Sørlandet. Kan effekten i det statistiske materialet såleis sporast til for eksempel kulturelle eller strukturelle sider ved dette området, denne regionen, av landet?

Fleire av dei andre delprosjekta i Lærande regionar løfter fram denne problemstillinga, og vi skal ikkje gå nærmare inn på det her. Derimot kan vi forfølgja det andre alternativet, altså det at effekten i det statistiske materialet skulle kunna følgja meir direkte av den språkstimuleringa nynorskelevar får. Kan det skuldast at desse elevane i praksis lærer to utgåver at norsk parallelt og at dette gir dei utviklingsmessige fordelar som liknar dei ein finn hjå tospråklege born allment? I det neste avsnittet gjer vi nærmare greie for kva desse fordelane går ut på, og i avsnittet som følgjer etter det, tek vi opp om samtidig tileigning av nynorsk og bokmål kan reknast som tospråklegheit.

Nynorsk/bokmål og bidialektal skriftlegheit

Språkleg avstand

Vi er vande med å sjå på bokmål og nynorsk som to skriftspråklege variantar av det same språket – dei to norske målformene – og ikkje som to forskjellige språk. Men like fullt er det to distinkte lingvistiske varietetar med klare avgrensningar: Skriv du eg, så skriv du også ikkje, skriv du jeg, så skriv du ikke, og setninga Bjørnen vart skoten kan berre vera nynorsk medan Bjørnen ble skutt kan berre vera bokmål. Dei norske talemåla samsvarar i varierande grad med dei to målformene: Somt kan vera likt nynorsk og somt bokmål og ofte er det også somt som ikkje beinveges svarar til nokon av dei.

På den måten er kunnskap om både nynorsk og bokmål kunnskap om to skilde system, og sjølv om systema er svært like, er dei til dømes ikkje så veldig mykje større enn likskapen mellom norsk og svensk. Men svensk og norsk (og dansk) vil dei fleste utan vidare omtala som ulike språk trass i at den lingvistiske avstanden mellom dei ikkje er stor og altså ikkje så veldig mykje større enn den mellom bokmål og nynorsk. Poenget her er at skiljet mellom ‘språk’ og ‘målform’ ikkje er uproblematisk – det handlar meir om eit politisk enn eit språkvitskapleg val.

Og frå tospråksforskinga veit vi at tospråksfordelane skildra i avsnitt 2 også er dokumenterte i språkpar som ligg svært nær kvarandre språkleg sett. Særleg er det gjort mykje forsking på katalansk-spansk tospråklege i Katalonia, og dette er eit språkpar der skilnadane er heilt på linje med dei ein finn mellom dei skandinaviske språka og jamvel mellom nynorsk og bokmål. På bakgrunn av det er det ikkje urimeleg å sjå føre seg positive tospråkseffektar også ved den tidlege tileigninga og meistringa av både nynorsk og bokmål som nynorskelevar oppnår.

Språkveksling i leik

Det er like fullt ein viktig skilnad på den tospråklegheita som mykje av den internasjonal forskingslitteraturen er basert på, og den tospråklegheita som nynorsk/bokmål utgjer for nynorskelevar. Den etablerte forskinga tek i stor grad føre seg born som lærer to språk allereie i førskulealder og som sidan vekslar mellom å snakka dei to språka. Borna har altså to talte språk, og i somme tilfelle, men langt frå alle, lærer dei også å lesa og skriva begge språka. For nynorskelevane sin del handlar det primært om å læra to ulike skriftspråksformer, og tileigninga av desse skjer frå skulealder og framover.

Skulle ein tru! Men fullt så enkelt er det ikkje. For tileigninga av bokmål startar nok også i førskulealder. Alle norske ungar møter bokmålet i songar og forteljingar også før dei byrjar å lesa og skriva, og om vi aksepterer at det vi kan kalla hovudstadsmål (eller Oslo-dialekt) i praksis utgjer ein uoffisiell uttalenorm for bokmål, blir dei aller fleste ungar også eksponerte for dette målet gjennom barne-TV, filmar og så bortetter.

Vidare er det eit særs viktig poeng i denne samanhengen at norske born utanfor det sentrale austlandsområdet leikar på hovudstadsmål når dei har rolleleik. Då fell typisk replikkane på dette målet medan forhandlingar om og kommentarar til leiken føregår på eigen dialekt. Rolleleik kan sjåast på som ei viktig trening av hugmedvit/mentalisering, og ved å veksla mellom ulike talemål blir denne treninga meir synleg og forsterka.

Dette vil i neste omgang seia at desse språkvekslande borna utanfor det sentrale austlandsområdet har ein dobbel talemålskompetanse i det dei byrjar på skulen. Når dei så byrjar med skriftspråksopplæring, får vi to tydlege hovudgrupper: Ei gruppe får bokmål som opplæringsmål og den andre får nynorsk. Ein viktig skilnad mellom desse gruppene blir då at medan nynorskelevane, som også (framleis) møter bokmål i stort omfang, kan relatera sin doble talemåls­kompetanse til to skriftspråksvariantar, må bokmålselevane knyta både eigen dialekt og leikespråket til bokmål åleine. Med andre ord kan vi seia at den doble språkkompetansen blir vidareført inn i det skriftlege for nynorskelevane sin del, men ikkje for bokmålselevane.

Kultur eller natur?

Nynorskregionen

Og kanskje ligg noko av forklaringa på ein eventuell tospråkleg «nynorskeffekt» nettopp her? Kan det vera at det er den rikare språkstimuleringa nynorskelevane får, som utløyser ein type kognitiv trening som i neste omgang gir eit målbart positivt utslag på læring generelt?

Men er det no eigentleg heilt sikkert at nynorskeffekten i den statistiske studien i Vangsnes, Söderlund og Blekesaune (under utgiving) skuldast hjernetrim som følgje av stimulering på både bokmål og nynorsk? Kan det vera heilt andre forhold som forklarar kvifor resultata på nasjonale prøvar er betre enn forventa i kommunar dår man bruker nynorsk?

Her er det på sin plass å peika på at sjølv om nynorsk offisielt sett er ei landsgyldig målform, finn vi dei aller fleste brukarane i eit geografisk avgrensa og samanhengande område som omfattar vestlandsfylka og indre delar av Austlandet og Sørlandet. Med andre ord er nynorsk eit regionalspråk. Og det kan såleis tenkjast at dei gode resultata på nasjonale prøvar heng saman med andre faktorar som kjenneteiknar denne delen av landet. Det kan vera bestemte kulturelle, historiske og/eller sosio-politiske tilhøve i vestlandssamfunna som har ein gunstig effekt på mellommenneskelege forhold og med det på læringsmiljøet. Og om dette som er den eigentlege årsaken til dei gode skuleresultata, kan utbreiinga av nynorsk i det same området visa seg å vera eit epi-fenomen.

Psykometriske testar

For å komma til botnar i dette spørsmålet, altså om det er kultur eller natur (hjernetrim) som forklarar nynorskeffekten, er det av interesse å utføra undersøkingar av kognitive ferdigheiter hjå elevar i ulike regionar der nynorsk versus bokmål blir hovudvariabelen. Og slike psykometriske undersøkingar har vi gjennomført i 2013-2014. Resultata er ikkje enno ferdiganalyserte, men vi gjengir her arbeidshypotesane og korleis studien er sett opp.

Undersøkinga omfattar første- og åttandeklassingar i Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag, i alt ca. 100 førsteklassingar og 100 åttandeklassingar i kvart fylke (dvs. til saman ca. 400 elevar). Dei to fylka har ein ganske lik demografisk samansetjing, men skil seg språkleg ved at i Sogn og Fjordane har 97,4% av grunnskuleelevane nynorsk som hovudmål medan så godt som alle elevar i Nord-Trøndelag har bokmål. I begge fylke ligg talemålet langt frå hovudstadsmålet.

Alle elevane gjennomførte tre ulike testar enkeltvis. Den første testen var ein såkalt (fish) Flanker-test der testpersonen får sjå bilete av fem fiskar (eigentleg pilar) på rekkje som sym anten mot høgre eller mot venstre. Oppgåva er å bestemma retninga på fisken i midten. Når alle fem sym i same retning (kongruent prøve), er dette enkelt, men når den i midten sym i motsett retning av dei andre fire (inkongruent prøve).  Den andre testen er ein variant av ein såkalt Stroop-test (sjå ovan) der testpersonen blir vist eit bilete av eit objekt og så skal seia det motsette. Denne testen måler også utøvande funksjonar. Den tredje testen undersøkjer visuo-spatialt arbeidsminne. Testpersonen får sjå eit rutenett med 4x4 ruter der det dukkar opp raude prikkar etter kvarandre i dei ulike rutene. Oppgåva går ut på å hugsa i kva for rute prikkane dukkar opp og i kva for rekkjefølgje. Talet på prikkar aukar suksessivt og testpersonen held på til han eller ho ikkje klarar det lenger.

Åttandeklassingane gjennomførte dessutan ein ordattkjenningtest (‘lexical decision task’) der dei skulle avgjera om seksti ulike ord var reelle norske ord eller nonsens-ord. Denne testen vart ikkje gjennomført med førsteklassingane sidan dei ikkje enno er gode nok til å lesa.

Hypotesen vår er at førsteklassingane i dei to fylka skal gjera det likt på testane: Dei har enno ikkje fått skriftspråkleg opplæring i nemneverdig grad. På åttandeklassingane derimot er forventninga at ein eventuell nynorskeffekt skal komma til uttrykk: Etter åtte år i skulen vil elevane frå Sogn og Fjordane ha blitt stimulert på nynorsk gjennom skulen og på bokmål gjennom samfunnet elles, medan elevane frå Nord-Trøndelag stort sett berre har møtt bokmål, og dersom dette har påverka dei kognitive ferdigheitene, er forventninga at elevane frå Sogn og Fjordane i snitt skal gjera det betre enn elevane frå Nord-Trøndelag.

Det er fleire tenkjelege utfall. Arbeidshypotesen kan bli innfridd. Vi kan òg sjå at det er effektar berre på nokre av testane, og det kan òg henda at vi finn ingen skilnad på gruppene eller jamvel motsett resultat av det vi forventa.

Konklusjon

I denne artikkelen har vi diskutert i kva grad det er rimeleg å spørja seg om dei uventa gode resultata på nasjonale prøvar til elevar frå Sogn og Fjordane på nokon som helst måte skuldast det at dei veks opp med nynorsk som opplæringsmål. Svaret på spørsmålet er utvetydig: Det er rimeleg. Årsakene til denne konklusjonen er at (i) studiar av tilgjengeleg statstikk viser at kommunar med meir enn 50% nynorskelevar i grunnskulen har uventa gode resultat på nasjonale prøvar, (ii) den internasjonale tospråksforskinga viser tydeleg at oppvekst med to språk gir utviklingsmessige fordelar og (iii) nynorsk og bokmål kan betraktast som to skilde språklege system og ikkje berre som variantar av det same språksystemet, og at born i praksis skiljer tydeleg mellom dei (mellom anna i rolleleik).

Vi har like fullt ikkje konkludert endeleg med at det faktisk er språksituasjonen i Sogn og Fjordane som er årsak til dei uventa gode skuleresultata. Forklaringa kan også liggja i andre sosio-kulturelle og/eller politiske forhold som kjenneteiknar dei områda der nynorsk står sterkt. Men vi har òg peikt på at det finst måtar å komma fram til meir sikre svar på spørsmålet. Etter planen vil slike svar liggja føre om kort tid.

Diskusjon

  1. Resultata frå delprosjektet Tospråklegheit tyder på at elevar med nynorsk som hovudmål har fordelar av dette. Viss det skuldast eit rikare språkmiljø, slik forfattarane føreslår, korleis kan denne innsikta komma bokmålselevar til gode?
  2. I kva grad kan skulen utnytta språkleg variasjon som ei kjelde til metaspråklege innsikter for elevane? I artikkelen blir det mellom anna peika på at svært mange norske born har ein dobbel talespråkskompetanse når dei byrjar på skulen (pga. språkveksling i rolleleik): Kan dette utnyttast i den tidlegaste norskopplæringa?
  3. Stoltheit for eige talemål – eller i alle fall fråver av mindreverdskompleks – er forhold som ikkje blir tekne opp i artikkelen, men forfattarane ser føre seg at nynorskelevar i stor grad oppnår ei lokal forankring for skriftspråksopplæringa: Medan bokmålet representerer det «sentrale» Noreg – hovudstaden, det landsgyldige, det mest prestisjefylte – er nynorsk i større grad eit skriftspråk med regional verdi. Dersom slik lokal forankring – statistisk sett – gjer elevane tryggare på eige mål, kan ein meina at det også bidreg til betre sjølvkjensle. I kva grad trur de dette har noko føre seg og er det noko skulen kan gjera i sin praksis for å gi elevane stoltheit for eigen språkleg bakgrunn?

Referansar

  • Alario, F. X., Ayora, P., Costa, A., & Melinger, A. (2008). Grammatical and nongrammatical contributions to closed-class word selection. Journal of experimental psychology. Learning, memory, and cognition, 34 (4), 960-981. doi: 10.1037/0278-7393.34.4.960
  • Bialystok, E. (2006). Effect of bilingualism and computer video game experience on the Simon task. Canadian Journal of Experimental Psychology/Revue canadienne de psychologie expérimentale, 60(1), 68-68-79. doi: 10.1037/cjep2006008
  • Bialystok, E., Craik, F. I., & Luk, G. (2008). Cognitive control and lexical access in younger and older bilinguals. Journal of Experimental Psychology: Learning, Memory, and Cognition, 34(4), 859-859-873. doi: 10.1037/0278-7393.34.4.859
  • Costa, A., Alario, F. X., & Caramazza, A. (2005). On the categorical nature of the semantic interference effect in the picture-word interference paradigm. Psychonomic bulletin & review, 12(1), 125-131.
  • Costa, A., Hernandez, M., Costa-Faidella, J., & Sebastian-Galles, N. (2009). On the bilingual advantage in conflict processing: now you see it, now you don't. Cognition, 113(2), 135-149. doi: 10.1016/j.cognition.2009.08.001
  • Farhadian, Mokhtar, Abdullah, Rohani, Mansor, Mariani, Redzuan, Maarof, Gazanizadand, Neda, & Vijay, Kumar Mallan (2010). Theory of mind in bilingual and monolingual preschool children. Journal of Psychology, 1(1), 39-46.
  • Goetz, J. P.. (2003). The effects of bilingualism on theory of mind development. . Bilingualism: Language and Cognition, 6 (1), 1-15.
  • Gollan, Tamar H., & Ferreira, Victor S. (2009). Should I stay or should I switch? A cost-benefit analysis of voluntary language switching in young and aging bilinguals. Journal of Experimental Psychology: Learning, Memory, and Cognition, 35(3), 640-640-665. doi: 10.1037/a0014981
  • Skårderud, Finn, & Sommerfeldt, Bente (2008). Mentalisering – et nytt teoretisk og terapeutisk begrep. Tidsskrift for Den norske legeforening, 128, 1066-1069.
  • Vangsnes, Øystein A. . (2013). Lat oss vera glade for bokmålet! Om hugmedvit, språk og levekår. Syn og Segn, 2013(3b).

 

Presentasjon - Lærande regionar sluttkonferanse 12.-13.mars 2015

PDF icon Finst det nynorske tospråksfordelar?