For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Gloppen og Sogndal

Studielengd: Deltidsstudium over eitt år

Studiepoeng: 5

Nivå/grad: Kurs

Opptakskrav: Generell studie-kompentanse/realkompetanse

Søknadsfrist: 28.02.2012

Fagleg kontakt: Høgskulelektor Leif Longvanes

Pris: 2 000,-. Dette inkluderer undervisning, rettleiing, pensum og eventuell sluttvurdering.

eple på tre

Arbeidsleiing i landbruket

Kurs

Vil du bli ein betre arbeidsleiar for innleigde arbeidsfolk? Dette er eit skreddarsydd kurs for frukt- og bærdyrkarar i Sogn og Fjordane.

Studieinnhald

Målgruppa for kurset er frukt- og bærdyrkarar, andre bønder og bedriftsleiarar med innleigd arbeidskraft.

Det overordna målet er å styrke frukt- og bærklynga, og å betre kunnskap, evner og ferdigheiter innan arbeidsleiing.Dette er konkretisert i følgjande mål:

  • Tryggare frukt- og bærdyrkarar
  • Meir nøgde medarbeidar
  • Fokus på arbeidsoppgåvene
  • Meir motiverte og inspirerte medarbeidarar

Sentrale tema i kurset vil vere:

  • Kva er rett?
    • Korleis skal ein organisere arbeidet
    • Kva lover og reglar må ein kjenne til
  • Kva er godt?
    • Korleis gjere dei flinke medarbeidarane så fornøgde at dei kjem tilbake neste år?
  • Kva er klokt?
    • Korleis forstå det som går føre seg i grupper og på arbeidsplassar, og korleis få gruppene til å arbeide konstruktivt?
    • Korleis få til både samarbeid og konkurranse i frukt- og bærdyrkingsmiljøet?
  • Kva er meiningsfullt?
    • Kan ein få stoltheit, entusiasme og engasjement i arbeidsgruppa, og gje arbeidarane ei meining utover det å tene pengar?
    • Korleis handtere fleire ulike nasjonale kulturar?

Det vil bli informert på fyrste samling om kva som skal til for å få studiepoeng. Dersom du deltek på tre av fire samlingar, får du kursbevis.

Studiet er utvikla i samarbeid mellom Arena Frukt og bær og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det er støtta av Kompetanseutviklingsprogrammet i Landbruket (KIL).

Studieplan blir lagt ut om kort tid.

Undervisningsmåtar

  • Forelesarar som gir korte innføringar i ulike tema
  • Diskusjonar og erfaringsutveksling mellom kursdeltakarar og forelesarar
  • Bruk av ressurspersonar og aktuelle bedrifter i fylket
  • Arbeid med ulike problemstillingar

Første samling er 23.-24. mars på Gloppen hotell. Startar kl. 14.00 fredag, sluttar med lunsj kl. 13.00 laurdag.
Dei neste samlingane er 1. juni kl. 14.00-20.00 samt to laurdagar i oktober-november. Alle dagssamlingane er i Sogndal.

Påmelding

Påmelding innan 28. februar til hsfoppdrag@hisf.no eller Tone Skjerdal, tlf. 57 67 63 45 / 95 29 77 29. Påmeldinga vil også gjelde som bestilling av hotell 23.-24. mars (kr. 1310,- for fullpensjon inkludert lunsj laurdag)


Sist endra: 05. mars 2012

Del