Opptakskrav
Det generelle grunnlaget for opptak til universitet og høgskular er generell studiekompetanse.
Generell studiekompetanse
Generell studiekompetanse inneheld to krav som begge normalt må vere oppfylte:
Krav 1 (eitt av punkta under må vere oppfylte)
- Fullført og bestått 3-årig vidaregåande utdanning (VG1, VG2 og VG3 / grunnkurs, VKI og VKII eller tilsvarande)
- Fagbrev/svennebrev
- Fylte 23 år i løpet av opptaksåret og 5 år fulltids arbeidserfaring, eller ein kombinasjon av fulltidserfaring frå arbeid og utdanning som samla utgjer minst 5 år, den såkalla 23/5-regelen.
Krav 2
Desse felles allmenne faga må vere dekt innanfor eller takast i tillegg til krav 1:
- norsk (393 årstimar / 14 veketimar)
- engelsk (140 årstimar / 5 vt)
- samfunnsfag (84 årstimar) / samfunnslære (2 veketimar)
- historie (140 årstimar) / nyare historie (4 veketimar)
- matematikk (224 årstimar / 5 veketimar)
- naturfag (140 årstimar / 5 veketimar)
Reglane for generell studiekompetanse er fastsette i forskrift om opptak til høyere utdanning.
Unntak frå kravet om generell studiekompetanse
- Er du 25 år eller eldre og manglar generell studiekompetanse? Då kan du søkje om opptak ved HiSF på grunnlag av realkompetanse.
- Betinga opptak gjeld søkjarar som på grunn av spesielle omstende (sjukdom, ulukke, dødsfall i næraste familie) ikkje kan avleggje eksamen i vidaregåande opplæring, og difor ikkje kan få slik dokumentasjon for fullført og bestått opplæring. Ein søkjar kan på slikt grunnlag få opptak til høgre utdanning under føresetnad av at ho eller han består eksamen i eitt eller fleire fag i vidaregåande opplæring i løpet av fyrste semester etter opptak.
- Ved opptak til ingeniør elektro er det unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs eller 2-årig teknisk fagskule.
- Dispensasjon frå kravet om generell studiekompetanse kan i særskilde tilfelle verte gitt til søkjarar under 25 år. Vilkåret for slik dispensasjon er at søkjaren kan dokumentere at det ikkje har vore mogleg, på grunn av varig sjukdom, funksjonshemming eller liknande, å tilfredsstille enkelte av dei krava som normalt blir stilte for å få generell studiekompetanse.
Spesielle opptakskrav
Bachelor ingeniør elektro, bachelor geologi og geofare og årsstudium naturfag
- For bachelor ingeniør elektro er det krav om matematikk R2 og fysikk 1 (eller 3MX og 2FY) eller bestått teknisk fagskule, eller bestått eittårig forkurs.
- For bachelor geologi og geofare er opptakskravet matematikk R1 og matematikk R2 / fysikk2 / kjemi 2 / biologi 2 / informasjonsteknologi 2 / geofag 2 / teknologi og forskningslære 2.
- For årsstudium naturfag gjeld same opptakskrav som for bachelor geologi og geofare (sjå ovanfor). Emne frå landskapsplanlegging har ingen spesielle opptakskrav utover generell studiekompetanse. Viss ein berre ønskjer å ta emne frå landskapsplanlegging, søkjer ein om opptak til desse som enkeltemne.
Sommarkurs
HiSF tilbyr sommarkurs (ingeniør forkurs tresemester) for dei som manglar dei spesielle opptakskrava til ingeniør elektro, geologi og geofare og naturfag. Studentar som tek sommarkurset får seks veker intensiv matematikkopplæring. Ingeniørstudentane fortset med fysikk gjennom det første studieåret. Opptakskravet til sommarkurset er generell studiekompetanse eller godkjent realkompetanse. Kurset må vere greidd før HiSF kan gje endeleg tilsegn om opptak. Studentar som fullfører sommarkurset, er garantert studieplass på bachelor ingeniør elektro, bachelor geologi og geofare og årsstudium naturfag.
Søkjarar med relevant fagbrev i elektro kan søkje bachelor ingeniør elektro - automatiseringsteknikk, y-vegen eller bachelor ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø, y-vegen. Y-vegen er eit tilrettelagt treårig løp, som startar med sommarkurs i matematikk (sjå over).
Grunnskulelærarutdanning
For opptak til grunnskulelærarutdanningane er det krav om minst 35 skulepoeng* (omfattar karakter- og realfagspoeng) og eit snitt på minst 3, 0 i både norsk og matematikk, (jf. Forskrift om opptak til høyere utdanning, § 4-7).
Slik reknar ein ut snittet i norsk/matematikk:
- Døme 1: Ein elev har desse karakterane i norsk:
|
|
Standpunkt
|
Eksamen
|
|
Hovudmål
|
3
|
4
|
|
Sidemål
|
3
|
3
|
|
Munnleg
|
2
|
|
Eleven får ein snittkarakter på 15/5 = 3 og er dermed ikkje kvalifisert for studiet.
- Døme 2: Ein elev har eit karaktersnitt på 3,4. Dette gir ein karakterpoengsum på 34. I tillegg har ho eitt realfagspoeng. Dette gir til saman 35 skulepoeng. Dersom ho samtidig har minst 3 i matematikk og norsk, er ho kvalifisert til studiet
*Fordjupingspoeng er avvikla frå og med opptaket 2009, jf. Forskrift om opptak til høyere utdanning, og er dermed ikkje lenger ein del av skulepoenga.
Lokalt opptak
Reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak
Kontakt
Kontakt opptakskontoret dersom du har spørsmål.
Tlf: 57 67 60 00. E-post: opptak@hisf.no.