For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Årsstudium

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse eller real- kompetanse.

Studiekode: 216 242

Søknadsfrist: 15.04.2014

Ofte stilte spørsmål

 

Kontakt oss

Fagleg kontakt: Grete Netteland

Administrativ kontakt: Opptakskontoret

Søk på dette studiet
Portrettbilde av samfunnsfagstudent
- Samfunnsfag er mitt sterke fag, så det var eit enkelt val. Eg tenkjer litt på å bli lærar, i alle fall no. Eg kom rett frå vidaregåande, og samanlikna med det, er alt mykje friare. Du kan organisere tida di slik du vil, og styre di eiga verd. Lærarane er dyktige, og eg har funne meg godt til rette i klassemiljøet. Det er fint at vi tek eksamen etter kvart og gjer oss ferdige med eit fag av gongen. Det fine med å studere i Sogndal er at det er gangavstand til det meste her.
Tord Magnus Mikkelsen

Samfunnsfag

Årsstudium

Er du samfunnsengasjert, eller interessert i kvifor samfunnet er som det er? Årsstudium i samfunnsfag er ei god fagleg forankring som passar inn i mange yrke. Du lærer om fortida slik at du kan forstå samtida betre.

Studieinnhald

Studiet er bygd opp av fire emne: nyare historie, eldre historie, globalisering, stat og samfunn og samfunnsvitskapleg metode.

Du lærer å

  • forstå samanhengar mellom samfunn, styresett, levekår og globale spørsmål
  • sjå hovudtrekka i norsk, europeisk og global historie
  • kritisk vurdere historiefaglege og samfunnsvitskaplege tekstar

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2014-15.

Undervisningsmåtar

Forelesingar, diskusjonar i mindre grupper, oppgåveskriving med rettleiing.

Jobbmoglegheiter

  • Studiet kan vere relevant for arbeid innan media, ulike kulturinstitusjonar og offentleg verksemd.
  • Saman med andre skulefag og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan studiet i samfunnsfag kvalifisere til undervisningsstilling i skulen (frå 8. steg).
  • Studiet passar godt som vidareutdanning for lærarar.

Vidare studium

  • Du kan søkje opptak direkte til 2. år på bachelor i historie ved HiSF.
  • Studiet kan inngå som del av ein bachelorgrad ved HiSF, eller danne grunnlag for vidare studium ved andre universitet og høgskular i inn- og utland.


Sist endra: 14. mars 2014

Del