For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 3 år

Studiepoeng: 180

Nivå/grad: Bachelor

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse eller realkompetanse.

Studiekode: 216 526

Søknadsfrist: 15.04.2013

Studieopphald i utlandet:

Tilbod i 6. semester (praksisopphald)

Ofte stilte spørsmål

 

Kontakt oss

Fagleg kontakt: Dag Digernes

Administrativ kontakt: Opptakskontoret

student paa forelesing

Økonomi og jus

Bachelor

Er du interessert i økonomi, jus og administrasjon? Bachelor i økonomi og jus gir deg ei brei og yrkesretta utdanning som kan brukast innanfor arbeidsfelta saksbehandling, rådgiving, leiing og økonomisk styring.

Studieinnhald

Studiet er sett saman av emne frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda i tillegg til grunnleggande juridiske emne.

I studiet lærer du om

  • bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi og marknadsføring
  • leiing og strategi, med fokus på leiarrolla
  • korleis ein tolkar og brukar lovreglar inn i konkrete problemstillingar
  • rettsreglar på rettsområde som kontraktsrett, forvaltningsrett og familierett

I siste studieår skriv du bacheloroppgåve. Du kan også velje å ha praksis, og skrive ei praksisbasert oppgåve.

Det blir arrangert forkurs i matematikk ved studiestart.

Dersom du har teke årsstudium i jus ved HiSF, kan du søkje opptak direkte til andre studieår.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2013-14.

Undervisningsmåtar

Forelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar og skriftleg arbeid.

Vi koblar teori og praksis gjennom arbeid med aktuelle og relevante problemstillingar.

Jobbmoglegheiter

  • Etter fullført utdanning er du kvalifisert for ulike rådgivings- og spesialistoppgåver knytt til økonomi og administrasjon innan privat næringsliv, offentleg sektor og ulike organisasjonar.
  • Du kan også jobbe som saksbehandlar i offentleg sektor, og i andre stillingar som etterspør juridisk kompetanse.

Vidare studium

  • Med fullført bachelorgrad i økonomi og jus er du kvalifisert til å søkje opptak til ulike masterstudium i inn- og utland.
  • Med fullført bachelorgrad kan du søkje opptak til masterstudium ved Norges Handelshøyskole. Du må då ha eit ekstra emne i samfunnsøkonomi i bachelorgraden din ved HiSF.
  • Første studieår av bachelor i økonomi og jus kan etter søknad gi fritak for første år på master i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen.


Sist endra: 23. april 2013

Del