For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Årsstudium

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse eller realkompetanse.

Studiekode: 216 164

Søknadsfrist: 15.04.2013

Ofte stilte spørsmål

 

Kontakt oss

Fagleg kontakt: Sverre Høgheim

Administrativ kontakt: Opptakskontoret

studentar i kollokvie

Bedriftsøkonomi

Årsstudium

Ønskjer du grunnleggjande kunnskapar i økonomi og administrasjon? Årsstudium i bedriftsøkonomi kan nyttast som start på eit utdanningsløp, eller påfyll i den jobben du har. Økonomisk og administrativ kompetanse vil vere nyttig i mange jobbar.

Studieinnhald

Du får grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter innan fagområda bedriftsøkonomi, rekneskap, samfunnsøkonomi, organisasjonskunnskap og marknadsstrategi.

I studiet lærer du

  • å gjennomføre enkle analyser innan dei ulike fagområda
  • å vurdere bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske konsekvensar av ulike val og handlingar
  • å utarbeide konsernrekneskap og lage ein enkel marknadsplan
  • å forstå korleis organisasjonar fungerer

Det blir arrangert forkurs i matematikk ved studiestart.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2013-14.

Undervisningsmåtar

Forelesingar, sjølvstudium og oppgåveløysing. Vi koblar teori og praksis gjennom arbeid med aktuelle problemstillingar.

Jobbmoglegheiter

Vidare studium

  • Etter fullført årsstudium kan du søkje opptak direkte til 2. år på bachelor i økonomi og administrasjon ved HiSF.
  • Du kan også bruke studiet inn i ein bachelor ved andre høgskular og universitet.


Sist endra: 23. april 2013

Del