Studiestad: Sogndal
Studielengd: 3 år
Studiepoeng: 180
Nivå/grad: Bachelor
Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse
Studiekode: 216 526
Søknadsfrist: 15.04.2012
Fagleg kontakt: Bente Karin Husabø
Administrativ kontakt: opptak@hisf.no
Er du interessert i økonomi, jus og administrasjon? Bachelor i økonomi og jus gir deg ei brei og yrkesretta utdanning som kan brukast innanfor arbeidsfelta saksbehandling, rådgiving, leiing og økonomisk styring.
Studiet er sett saman av emne frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda i tillegg til grunnleggjande juridiske emne.
I studiet lærer du om
I siste studieår skriv du bacheloroppgåve. Du kan også velje å ha praksis, og skrive ei praksisbasert oppgåve.
Dersom du har teke årsstudium i jus ved HiSF, kan du søkje opptak direkte til andre studieår.
Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2012-13.
Undervisninga er basert på forelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar og skriftleg arbeid med tilbakemeldingar. Vi legg vekt på å arbeide med aktuelle og relevante problemstillingar.
Etter fullført utdanning vil du vere kvalifisert for ulike rådgivings- og spesialistoppgåver knytt til økonomi og administrasjon innan privat næringsliv, offentleg sektor og ulike organisasjonar. Du kan også jobbe som saksbehandlar i offentleg sektor, og i alle stillingar som etterspør juridisk kompetanse.
Med fullført bachelorgrad i økonomi og jus er du kvalifisert til å søkje opptak til ulike masterstudium i inn- og utland. Ved å ta eit ekstra emne i samfunnsøkonomi kan du søkje opptak på masterstudium ved Norges Handelshøyskole.
Dersom du kjem inn på master i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen, vil du etter søknad få første studieår av økonomi og jus frå HiSF godkjend som tilsvarande første studieår ved UiB.
Sist endra: 17. april 2012