Studiestad: Sogndal
Studielengd: 3 år
Studiepoeng: 180
Nivå/grad: Bachelor
Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse
Studiekode: 216 369
Søknadsfrist: 15.04.2012
Fagleg kontakt: Bente Karin Husabø
Administrativ kontakt: opptak@hisf.no
Ønskjer du å arbeide med oppgåver innanfor økonomi, administrasjon eller leiing? Med bachelor i økonomi og administrasjon får du ei yrkesretta utdanning som opnar for mange moglegheiter innan både privat næringsliv og offentleg forvaltning.
Studiet gir deg ein brei økonomisk-administrativ kompetanse og er sett saman av emne frå dei økonomiske og administrative fagområda.
Gjennom studiet lærer du om
I tillegg har du valfag innan økonomi og administrasjon. I siste studieår skriv du bacheloroppgåve. Du kan også velje å ha praksis, og skrive ei praksisbasert oppgåve.
Det blir arrangert valfritt forkurs i matematikk ved studiestart.
Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2012-13.
Dersom du har teke årsstudium i bedriftsøkonomi ved HiSF kan du søkje opptak direkte til andre studieår.
Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiing. Du lærer å arbeide sjølvstendig gjennom individuelt arbeid og gruppearbeid.
Teori og praksis blir knytt saman gjennom arbeid med aktuelle og relevante problemstillingar.
I andre studieår kan du ha eit studieopphald i utlandet.
Du kan jobbe med ulike rådgjevings- og spesialistoppgåver knytt til økonomi og administrasjon innan privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar. Du kan også arbeide som mellomleiar og leiar i privat og offentleg sektor.
Ved å velje valemna forvaltningsrett, skatte- og avgiftsrett 1 og 2 samt rekneskapsorganisasjon og årsrekneskap og skrive bacheloroppgåve innanfor relevant fagområde, kan du etter to års relevant praksis søkje Finanstilsynet om autorisasjon som rekneskapsførar.
Med fullført bachelorgrad i økonomi og administrasjon er du kvalifisert til å søkje opptak til ulike masterstudium i inn- og utland. Dersom du ønskjer å søkje opptak til masterstudium ved Norges Handelshøyskole, må eit av valemna dine vere offentleg økonomi.
Sist endra: 17. april 2012