For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Årsstudium

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse

Studiekode: 216 164

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Bente Karin Husabø

Administrativ kontakt: opptak@hisf.no

Søk på dette studiet
Penger
- Bedriftsøkonomi er eit godt grunnlag for vidare studiar, og Sogndal virka som ein god plass å begynne som student. Det er lagt opp til mykje sjølvstudium, men forelesingane er også interessante og gode. Drøymejobben må vera å leda eit større selskap, helst basert i New York, London eller ein annan storby.
Christian Blindheim Børve

Bedriftsøkonomi

Årsstudium

Ønskjer du grunnleggjande kunnskapar i økonomi og administrasjon? Årsstudium i bedriftsøkonomi kan nyttast som start på eit utdanningsløp, eller påfyll i den jobben du har. Økonomisk og administrativ kompetanse vil vere nyttig i mange jobbar.

Studieinnhald

Gjennom studiet får du grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter innan fagområda bedriftsøkonomi, rekneskap, samfunnsøkonomi, organisasjonskunnskap og marknadsstrategi.

I studiet lærer du

  • å gjennomføre enkle analyser innan dei ulike fagområda
  • å vurdere bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske konsekvensar av ulike val og handlingar
  • å utarbeide konsernrekneskap og lage ein enkel marknadsplan
  • å forstå korleis organisasjonar fungerer

Det blir arrangert forkurs i matematikk ved studiestart.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

Undervisninga er basert på forelesingar, sjølvstudium og oppgåveløysing. Du koplar teori og praksis gjennom arbeid med aktuelle problemstillingar.

Yrke og vidare studium

Bedriftsøkonomi årsstudium kvalifiserer til ulike oppgåver innanfor næringsliv, offentleg forvaltning og organisasjonar.

Fullført årsstudium kvalifiserer til opptak direkte til andre studieår i bachelor i økonomi og administrasjon ved HiSF. Studiet kan gå inn som del av ein bachelorgrad. Du kan også bruke studiet inn i ein bachelor ved andre høgskular og universitet.


Sist endra: 17. april 2012

Del