Fakta om studiet
Studiestad: Sogndal, Sandane eller Førde (blir avgjort etter opptaket)
Studielengd: Deltidsstudium over to år
Studiepoeng: 60
Nivå/grad: Årsstudium
Opptakskrav: Sjå innhaldsdelen.
Studiekode: 216 1401
Søknadsfrist: 15.04.2012
Fagleg kontakt: Dorthea Sekkingstad
Administrativ kontakt: Solfrid Kjoberg
Krav om politiattest
Samlingsplan
- Studiet er godt tilrettelagt for oss som er i jobb. Utdanninga gir oss auka bevisstheit og gode verktøy som vi kan ta med oss inn i vår eiga undervisning. Det er mykje kompetanse i klassen, og det er ei stor styrke at vi er personar med ulik fagbakgrunn. PPU er eit nyttig studium også med tanke på eigenutvikling. Vi kan ta med oss det vi lærer inn i ulike samanhengar og jobbsituasjonar.
Oddbjørn Skjerdal, Kjersti Ese, Beathe E. Stentvedt og Marco Neven
Praktisk-pedagogisk utdanning - PPU, samlingsbasert deltid
Årsstudium
Har du universitets- eller høgskuleutdanning og vil bli lærar? Eller har du yrkesfagleg bakgrunn? Med praktisk-pedagogisk utdanning kan du undervise i 5. klasse og oppover - alt etter kva fag du har. Ved å ta studiet på deltid kan du kombinere utdanning og arbeid.
Studieinnhald
I studiet vidareutviklar du fagkompetansen din. Du lærer å undervise i dine fag og utviklar sosial og yrkesetisk kompetanse som førebur deg til læraryrket.
Du lærer mellom anna
- å planleggje og evaluere undervisning og læring
- om etikk og yrkesidentitet
- å leggje til rette for tilpassa opplæring
- å samarbeide med elevar/lærlingar, kollegaer, foreldre og andre for å planleggje, gjennomføre og vurdere opplæringa
Fagtilbod 2012/13:
- Yrkesdidaktikk
- Fagdidaktikk i samfunnsfag, framandspråk, norsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.
Det er ein føresetnad for opptak at søkjarane har fag som høgskulen kan tilby fag-/yrkesdidaktikk og praksisplassar i, og at det blir nok søkjarar innanfor dei enkelte fag-/yrkesdidaktikkområda.
Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen 2010-12.
Undervisningsmåtar
Studiet er samlingsbasert med samlingar ca. ein gong i månaden (frå fredag ettermiddag til laurdag). I tillegg blir det to 3-dagars samlingar per studieår (frå måndag til onsdag). Sjå samlingsplan i faktaboksen til høgre.
Du vil ha arbeid og diskusjonar i grupper og seminar, prosjektarbeid og ulike praktiske aktivitetar. Du har 12 veker praksis.
Opptakskrav
Det er fire ulike kategoriar:
- Generell studiekompetanse, fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang som kvalifiserer for undervisning i allmennfag i grunnskule eller vidaregåande opplæring. Opptak til studiet krev minimum 60 studiepoeng i to fag eller minimum 60 studiepoeng i det faget du tek 30 studiepoeng fagdidaktikk i, med innhald som har relevans for undervisning i skulen.
- Generell studiekompetanse, fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års yrkespraksis som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring.
- Generell studiekompetanse, fag-/svennebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis.
- Realkompetanse. Vurdering av realkompetanse blir gjort i høve til søkjarar i kategori tre.
Yrke og vidare studium
Utdanninga gir undervisningskompetanse på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse du har i botn.
Fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan kvalifisere til opptak på visse vidareutdanningar for lærarar.
Sist endra: 21. mai 2012