For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Årsstudium

Opptakskrav: Sjå innhaldsdelen.

Studiekode: 216 1400

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Dorthea Sekkingstad

Administrativ kontakt: Solfrid Kjoberg

Krav om politiattest

Studentar på PPU
- For oss var PPU ei naturleg forlenging av bachelorgraden. Det vi lærer er veldig relevant, og gjer oss godt førebudde og skikka til å gå inn i læraryrket. Vi får svært mykje ut av studiet med tanke på at det berre er eit årsstudium. Miljøet i klassen er godt fordi studiet er lagt opp slik at vi samarbeider mykje. Vi har også eit tett samarbeid med lærarane. Vi har ulike eksamensformer, noko som er kjekt og lærerikt. Det at vi har mykje praksis er også veldig bra. Vi har to praksisperiodar der vi begge gongar er ute seks veker i strekk.
Daria Dyste, Sondre Setrom og Elise Gjestvang

Praktisk-pedagogisk utdanning - PPU

Årsstudium

Har du universitets- eller høgskuleutdanning og vil bli lærar? Eller har du yrkesfagleg bakgrunn? Med praktisk-pedagogisk utdanning kan du undervise i 5. klasse og oppover - alt etter kva fag du har.

Studieinnhald

I studiet vidareutviklar du fagkompetansen din. Du lærer å undervise i dine fag og utviklar sosial og yrkesetisk kompetanse som førbur deg til læraryrket.

Du lærer mellom anna

  • å planleggje og evaluere undervisning og læring
  • om etikk og yrkesidentitet
  • å leggje til rette for tilpassa opplæring
  • å samarbeide med elevar/lærlingar, kollegaer, foreldre og andre for å planleggje, gjennomføre og vurdere opplæringa

Fagtilbod 2012/13:

Fagdidaktikk i samfunnsfag, framandspråk, norsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Det er ein føresetnad for opptak at søkjarane har fag som høgskulen kan tilby fagdidaktikk og praksisplassar i, og at det blir nok søkjarar innanfor dei enkelte fagdidaktikkområda.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

Du vil ha arbeid og diskusjonar i grupper og seminar, prosjektarbeid og ulike praktiske aktivitetar.

Du har 12 veker praksis.

Opptakskrav

Det er fire ulike kategoriar:

  1. Generell studiekompetanse, fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang som kvalifiserer for undervisning i allmennfag i grunnskule eller vidaregåande opplæring. Opptak til studiet krev minimum 60 studiepoeng i to fag eller minimum 60 studiepoeng i det faget du tek 30 studiepoeng fagdidaktikk i, med innhald som har relevans for undervisning i skulen.
  2. Generell studiekompetanse, fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års yrkespraksis som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring.
  3. Generell studiekompetanse, fag-/svennebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis.
  4. Realkompetanse. Vurdering av realkompetanse vert gjort i høve til søkjarar i kategori 3.

Yrke og vidare studium

Utdanninga gir undervisningskompetanse på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse du har i botn.

Fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan kvalifisere til opptak på visse vidareutdanningar for lærarar.


Sist endra: 17. april 2012

Del