For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: To år heiltid/tre eller fire år deltid

Studiepoeng: 120

Nivå/grad: Master

Opptakskrav: Sjå innhaldsdelen.

Studiekode: 216 1329

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Frode Olav Haara

Administrativ kontakt: Solfrid Kjoberg

vaksen hand som hjelper lita hand å skrive

Læring og undervisning

Master

Master i læring og undervisning passar for deg som ønskjer å fordjupe deg i prosessar knytt til læring og undervisning. Studiet er eit samarbeid mellom HiSF og Universitetet i Bergen.

Studieinnhald

Vi tek opp problemstillingar frå skulekvardagen, og du får fordjupe deg innan læring, læringsmiljø, didaktikk og fagdidaktikk.

I studiet lærer du mellom anna

  • om vitskapelege teoriar og metodar som er relevant for læring og undervisning
  • om nyare klasseromsforsking
  • å vurdere og drøfte tilpassa opplæring ut frå eit samfunnsmessig perspektiv
  • korleis bidra til nytenking og innovasjonsprosessar knytt til læring og undervisning

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert og kombinerer forelesingar, seminar og gruppearbeid. Andre arbeidsformer er casedrøftingar, mindre øvingar og prosjektorganisering. IKT vert nytta som kommunikasjonskanal og læringsverktøy. Alle studentar og faglærarar skal vera tilknytta ei felles læringsplattform.

Det vert lagt til rette for fleksibel gjennomføring av studiet.

Opptakskrav

Søkjarar må oppfylle eitt av følgjande opptakskrav:

  • Tre- eller fireårig allmennlærarutdanning
  • Bachelor i allmennlærarutdanning etter rammeplan av 2003 eller 2009
  • Treårig allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning og Praktisk-pedagogisk utdanning

Tilleggskrav:

1. Fullført og greidd praksis frå grunnutdanninga.

2. Søkjarar med allmennlærarutdanning må ha minimum karakteren C eller 2.7 i faga Pedagogisk teori i lærarutdanninga (30 sp) + eitt skulefag på 30 sp + utvalde emne av eit omfang på 60 sp.

Søkjarar med høgskuleutdanning med PPU må ha minimum karakteren C eller 2.7 i faga pedagogikk (30 sp) + eitt eller to skulefag med eit omfang på 90 sp eller pedagogikk (30 sp) + 90 sp fagleg fordjuping i bachelorgrad.

3. Fullført masterstudium føreset 60 sp fordjuping i eit av skulefaga norsk, matematikk, engelsk, kroppsøving eller samfunnsfag. Søkjarar som berre har 30 sp skulefag, må ta 30 sp fordjuping i same skulefag i første og andre semester av masterstudiet.

Yrke og vidare studium

Master i læring og undervisning gir grunnlag for opptak til forskarutdanning/doktorgrad.

Fullført studium gir tittelen ”Master i læring og undervisning” ved Universitetet i Bergen. Studiet tek sikte på å gi brei kompetanse for arbeid i grunnskulen. Avhengig av fagleg fordjuping, vil det også kunne kvalifisere for arbeid i vidaregåande skule.


Sist endra: 17. april 2012

Del