For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Årsstudium

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse

Studiekode: 216 170

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Turid Husabø

Administrativ kontakt: Solfrid Kjoberg

portrettbilde av engelskstudent
- Eg har alltid likt engelsk språk, litteratur og historie. Lærarane her er veldig kjekke og flinke, dei kan mykje. Eg trivst godt med undervisninga. Du får ei klassekjensle, og du får god oppfølging av lærarane. Det er ein del arbeid, men om du er innstilt på det, er faget heilt supert. Eg prøver å setje saman ein bachelorgrad. Etter studia kan eg godt tenkje meg å undervise i vidaregåande skule.
Laila Kristin Sande

Engelsk

Årsstudium

Å vere god i engelsk kan vere avgjerande både for vidare studium og i arbeidslivet. Skal du studere på høgare nivå, er ofte både faglitteratur og oppgåveskriving på engelsk. Med eit årsstudium i engelsk er det fleire dører som opnar seg.

Studieinnhald

Studiet gir deg god trening i å bruke engelsk, og du får kunnskap om og innsikt i kulturelle, sosiale, historiske og politiske tilhøve i engelsktalande land.

I studiet lærer du

  • å bli god til å snakke og skrive engelsk
  • om britisk og amerikansk historie og dagens samfunn
  • teoretisk innsikt og praktisk øving i å undervise i engelsk dersom du tek studiet som del av lærarutdanninga di

I haustsemesteret er det lagt opp til to veker studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England. Der vil du ha britiske lærarar som gir deg intensiv språktrening, innsikt i engelsk samfunnsliv og uteliv.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

Du vil få tett oppfølging og god skrivetrening. Undervisninga vil bli lagt opp som forelesingar og øvingar i grupper. All undervising er på engelsk, med mykje munnleg aktivitet.

Yrke og vidare studium

Det er mangel på kvalifiserte engelsklærarar i Noreg. Saman med andre skulefag og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan studiet i samfunnsfag kvalifisere til undervisningsstilling i skulen. Du kan kombinere studiet med mange andre fag til ein bachelorgrad, til dømes med økonomiske fag, idrettsfag, reiselivsfag eller samfunnsfag.

Du kan også studere engelsk vidare ved andre universitet og høgskular. Studiet høver godt som vidareutdanning for lærarar.


Sist endra: 17. april 2012

Del