Studiestad: Sogndal
Studielengd: 1 år
Studiepoeng: 60
Nivå/grad: Årsstudium
Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse
Studiekode: 216 351
Søknadsfrist: 15.04.2012
Fagleg kontakt: Grete Netteland
Administrativ kontakt: Caisa Hedlund
Kva kjenneteiknar ungdomstida, og kva påverkar liva til unge menneske? Årsstudium i ungdomssosiologi gir deg innsikt i unge sine oppvekstvilkår. Studiet passar for deg som er interessert i samfunnet generelt og spesielt ungdomsproblematikk.
Studiet tek opp tema som korleis kjønn, sosial klasse, familie, nærmiljø, vennskap og media påverkar overgangsfasen frå barn til vaksen. Vi ser på dette ut frå både klassiske og moderne sosiologiske perspektiv.
Du lærer mellom anna
Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.
I studiet vert det lagt opp til forelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, seminar- og gruppearbeid. Studiet stiller krav til sjølvstendig arbeid.
I første semester kan du delta på ei vekes frivilleg ekskursjon saman med samfunnsfagstudentane.
Fullført studium kvalifiserer til opptak direkte til andre året i bachelor i sosiologi - ungdomssosiologi ved HiSF.
Saman med andre skulefag og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), kan studiet kvalifisere til undervisningsstilling i skulen.
Studiet kan gå inn som del av ein bachelorgrad ved HiSF, eller danne grunnlag for vidare studium ved universitet og høgskular i inn- og utland.
Studiet er nyttig som tilleggsutdanning for barnevernspedagogar, sosionomar og lærarar.
Sist endra: 17. april 2012