For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Årsstudium

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse

Studiekode: 216 242

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Grete Netteland

Administrativ kontakt: Caisa Hedlund

Portrettbilde av samfunnsfagstudent
- Samfunnsfag er mitt sterke fag, så det var eit enkelt val. Eg tenkjer litt på å bli lærar, i alle fall no. Eg kom rett frå vidaregåande, og samanlikna med det, er alt mykje friare. Du kan organisere tida di slik du vil, og styre di eiga verd. Lærarane er dyktige, og eg har funne meg godt til rette i klassemiljøet. Det er fint at vi tek eksamen etter kvart og gjer oss ferdige med eit fag av gongen. Det fine med å studere i Sogndal er at det er gangavstand til det meste her.
Tord Magnus Mikkelsen

Samfunnsfag

Årsstudium

Lurer du på å bli lærar, journalist, sosialarbeidar eller sjukepleiar, eller kanskje veit du ikkje kva du skal bli? Årsstudium i samfunnsfag er ei god fagleg forankring som passar inn i mange yrke. Du lærer om fortida,slik at du kan forstå samtida betre.

Studieinnhald

Studiet er bygd opp av fire emne: Nyare historie, eldre historie, globalisering, stat og samfunn og samfunnsvitskapleg metode.

Du lærer mellom anna

  • å forstå samanhengar mellom samfunn, styresett, levekår og globale spørsmål
  • å sjå hovudtrekka i norsk, europeisk og global historie
  • å kritisk vurdere historiefaglege og samfunnsvitskaplege tekstar

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, diskusjonar i mindre grupper, sjølvstudium og oppgåveskriving med rettleiing.

I første semester kan du delta på ei vekes frivilleg ekskursjon saman med sosiologistudentane.

Yrke og vidare studium

Studiet kan vere relevant for arbeid innan media, ulike kulturinstitusjonar og offentleg verksemd. Saman med andre skulefag og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan studiet i samfunnsfag kvalifisere til undervisningsstilling i skulen.

Fullført studium kvalifiserer til opptak direkte til andre året i bachelor i historie ved HiSF.

Studiet kan inngå som del av ein bachelorgrad ved HiSF, eller danne grunnlag for vidare studium ved andre universitet og høgskular i inn- og utland.

Studiet høver også som vidareutdanning for lærarar.


Sist endra: 17. april 2012

Del