For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Årsstudium

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse

Studiekode: 216 246

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Bente-Karin Husabø

Administrativ kontakt: opptak@hisf.no

Portrettbilde av jusstudent
– Jeg synes loven er veldig spennende. Jus handler om å løse problemer uten at det finnes en fasit. Målet mitt er en master i rettsvitenskap. Fasilitetene her er flotte med nye bygg, blant annet har gruppe- og leserommene på campus utsikt over fotballstadion i bygda. Jeg kommer fra Oslo og har aldri vært på Vestlandet tidligere. Jeg hadde hørt at miljøet i Sogndal var veldig bra, så jeg var optimist, og det har gått veldig bra.
Mahintan Markandu

Jus

Årsstudium

Ønskjer du å bli jurist, eller siktar du mot ei økonomisk-administrativ utdanning? Jus årsstudium kan enten vere byrjinga på eit masterstudium, eller inngå i ei anna utdanning der du ønskjer særlege kunnskapar i juridiske emne. Juridisk kunnskap er etterspurd både i offentleg og privat sektor.

Studieinnhald

Studiet gir ei innføring i offentleg og privat rett. Du vil lære om juridisk metode, som er den framgangsmåten juristar nyttar for å løyse rettsspørsmål. Du lærer også om grunnleggjande juridiske emne.

I studiet lærer du også

  • korleis rettssystemet er bygd opp
  • å tolke og nytte lovreglar inn i konkrete problemstillingar
  • rettsreglar på rettsområde som kontraktsrett, forvaltningsrett og familierett

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

Undervisninga er basert på forelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar og skriftleg arbeid med tilbakemeldingar.

Yrke og vidare studium

Juridisk kompetanse er etterspurd i sakshandsamarstillingar i offentleg forvaltning og i økonomiske og administrative stillingar i privat og offentleg sektor.

Fullført årsstudium kvalifiserer til opptak direkte til andre studieår på bachelor i økonomi og jus ved HiSF.

Dersom du kjem inn på master i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen, vil du etter søknad få årsstudiet frå HiSF godkjend som tilsvarande første studieår.

Du kan også nytte årsstudiet som del av ein bachelorgrad ved andre høgskular og universitet.


Sist endra: 17. april 2012

Del