Studiestad: Sogndal
Studielengd: 3 år
Studiepoeng: 180
Nivå/grad: Bachelor
Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse
Studiekode: 216 481
Søknadsfrist: 15.04.2012
Fagleg kontakt: Grete Netteland
Administrativ kontakt: Caisa Hedlund
Er du politisk engasjert og vil påverke samfunnsutviklinga? Eller likar du å reise og har erfart at det du ser og opplever får ein ny dimensjon med litt historiekunnskap? Å ha kunnskap om fortida er eit godt utgangspunkt til å forstå samtida, og ein bachelor i historie kan gi deg nettopp det.
Studiet byggjer på ei kronologisk innføring i den historiske utviklinga frå mellomalderen og fram til i dag. Vi legg vekt på at studiet skal ha ein lokal, regional, nasjonal og global synsvinkel, både når det gjeld metode, kjeldebruk og realhistorie.
Du lærer mellom anna om
Første studieår utgjer årsstudium i samfunnsfag. I tredje studieår kan du velje mellom heile årsstudium eller setje saman eit studieår av ulike emne ved HiSF eller andre institusjonar i inn- og utland.
Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.
Undervisninga er basert på forelesingar, diskusjonar i mindre grupper, sjølvstudium og oppgåveskriving med rettleiing. Du skriv fleire mindre oppgåver og bacheloroppgåve, der du har høve til å skrive om eit lokal- eller samtidshistorisk emne du interesserer deg for.
I første semester kan du delta på ei vekes frivilleg ekskursjon saman med sosiologistudentane.
I 5. og 6. semester kan du ha eit studieopphald i utlandet.
Du kan jobbe med medie- og kulturarbeid, arbeid ved museum, arkiv, forlag og ymse utgreiingsarbeid. Ved å ta praktisk-pedagogisk utdanning, får du undervisingskompetanse for skulen.
Etter fullført utdanning kan du søkje opptak til masterstudium ved ulike høgskular og universitet.
Sist endra: 17. april 2012