Studiestad: Sogndal
Studielengd: 1 år
Studiepoeng: 60
Nivå/grad: Årsstudium
Opptakskrav: Generell studie-kompetanse i tillegg til matematikk R1 (2MX) og enten R2 (3MX) eller eit anna realfag på VG3-nivå. Realkompetanse.
Studiekode: 216 373
Søknadsfrist: 15.04.2013
Fagleg kontakt: Tarald Seldal
Administrativ kontakt: Opptakskontoret
Korleis blei fjordane til? Kvifor er breane blå? Dersom du vil lære meir om naturen, men er usikker på kva retning du skal velje, kan årsstudium i naturfag gi ein god start og eit grunnlag for vidare studium.
Årsstudiet i naturfag er bygd opp ved at du kombinerer emne som inngår i bachelor i fornybar energi, bachelor i geologi og geofare og bachelor i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.
Ved å setje saman emne frå desse studia kan du forme eit årsstudium som er tilpassa dine interesser og framtidsplanar.
Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2013-14.
Forelesingar, gruppearbeid, laboratorie- og feltarbeid. I tillegg blir det arrangert ekskursjonar til brear, fjell og fjordar i Sogn og Fjordane.
Sist endra: 23. april 2013