For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Førde

Studielengd: 1 semester

Studiepoeng: 0

Nivå/grad: Kurs

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse eller realkompetanse.

Studiekode: 216 1910

Søknadsfrist: 15.04.2013

Ofte stilte spørsmål

 

Kontakt oss

Fagleg kontakt: Eli Nummedal

Administrativ kontakt: Opptakskontoret

Studentar i samtale

Ingeniør forkurs tresemester

Kurs

Har du lyst til å bli elektroingeniør, men manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk? Tresemesterordninga kvalifiserer for opptak til bachelor i ingeniør elektro - automatiseringsteknikk og ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø ved HiSF.

Studieinnhald

Studiet gir deg kunnskapar innan matematikk og fysikk.

Matematikk:

  • Undervisninga skjer gjennom 6 veker på sommaren før ein tek til i første klasse, i perioden 2. juli til 10. august. Sjå undervisningsplan (2012).
  • Kvar dag er det 3 økter x 2 timar frå kl. 08.30 - 14.10
  • Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2 (2MX og 3MX)
  • Sommarkurset blir halde i høgskulebygget på Vie i Førde

Erfaringane frå forkurset er gode, og dei fleste passerer kurset med gode resultat.

Fysikk:

  • Fysikken blir undervist parallelt med ingeniøremna haustsemesteret første studieåret. Totalt 90 timar.
  • Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1 (2FY)

Dersom du har har R1, R2 eller Fysikk 1 ( 2MX, 3MX eller 2FY), kan du få fritak for delar av kurset.

Når du har greidd alle emna første året, har du kome like langt som dei ordinære ingeniørstudentane.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2013-14.

Undervisningsmåtar

Forelesingar, rekneøvingar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte og mappevurdering.

Nyttige ressurssider:

Vidare studium

Tresemesterordninga kvalifiserer for opptak til desse studia ved HiSF:


Sist endra: 23. april 2013

Del