For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 3 år

Studiepoeng: 180

Nivå/grad: Bachelor

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse

Studiekode: 216 504

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Frode Fretland

Administrativ kontakt: Solfrid Kjoberg

Krav om politiattest

portrettbilde student idrett og kroppsoving bachelor
- Eg hadde lyst til å ta ei utdanning der eg kan jobbe med folk. Her får eg kombinere læraryrket med idrettsinteressene mine. Sogndal er ein fantastisk plass, spesielt viss du likar idrett og friluftsliv. Det er så mange kjekke tilbod her at det er vanskeleg å seie nei til ting. Når eg har vore heime eller på reise, er eg redd for at det er så mykje eg har gått glipp av! Her i Sogndal kan lærarane namnet til studentane. Det betyr ein del for meg. Det trur eg ikkje er vanleg på større studiestader.
Ane Foldøy

Idrett og kroppsøving

Bachelor

Vil du bli kroppsøvingslærar, trenar, leiar i idrettsorganisasjonar eller jobbe innan den kommersielle treningsbransjen? Ein bachelor i idrett og kroppsøving gir deg kompetansen du treng. I undervisninga nyttar vi både den storslåtte naturen i Sogn og dei gode lærings- og treningsfasilitetane på Fosshaugane Campus. Sogndal er kåra til Noregs beste UTEstad 2011.

Studieinnhald

Idrettsfordjuping, ferdigheitslæring, coaching og leiing er sentralt i studiet. Du får også prøve ut aktivitetar i sal, laboratorium og natur.

I studiet vil du mellom anna

  • lære å byggje opp idrettsaktivitetar i skule og fritid
  • lære å planleggje, gjennomføre og analysere fysisk trening
  • prøve ut og fordjupe deg i ulike idrettsaktivitetar som til dømes ballspel, dans, symjing og orientering

Har du årsstudium i idrett eller anna relevant utdanning, kan du søkje opptak direkte til andre studieår. Dersom du har fagleg grunnlag som tilsvarar dei to første åra kan du søkje opptak direkte til tredje studieår. I desse tilfella søkjer du gjennom SøknadsWeb.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

Undervisninga er basert på forelesingar, gruppearbeid, individuelt fordjupingsarbeid, laboratorieøvingar, praksis og prosjektarbeid. Aktiv deltaking i små og store grupper med tilbakemelding både frå medstudentar og lærarar vert vektlagt.

Studieopphald i utlandet

I siste semester kan du ha eit studieopphald i utlandet.

Yrke og vidare studium

Studiet gir deg ei brei idrettsutdanning som kan nyttast i skulen og idretten, i den kommersielle treningsbransjen, offentleg sektor, private føretak eller mot vidare forsking.

Saman med årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer studiet til undervisningsstilling i skulen. Med fullført bachelor i idrett og kroppsøving kan du søke opptak til master i idrettsvitenskap ved HiSF.

Studiet kan óg danne grunnlag for opptak til masterstudium ved andre høgskular og universitet.

Sjå videosnuttar av den spektakulære naturen i området rundt Sogndal


Sist endra: 17. april 2012

Del