For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 3 år

Studiepoeng: 180

Nivå/grad: Bachelor

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse

Studiekode: 216 440

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Grete Steene-Johannessen

Administrativ kontakt: Solfrid Kjoberg

Krav om politiattest

Portrettbilde av student bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse
- Jeg trives godt på idrett, og jeg liker spesielt at helse er en del av studiet. Vi har sykdomslære og lærer om hva fysisk aktivitet kan gjøre for kroppen med tanke på forebygging av sykdommer og rehabilitering. Studentene kommer til Sogndal av mange ulike grunner, men for meg var det selve studiet. Det er flinke lærere, og alt er godt tilrettelagt, det er bedre enn å studere i en stor by der folk blir spredd.
Tale Irgens Birkeland

Idrett, fysisk aktivitet og helse

Bachelor

Har du lyst å jobbe med menneske, lage treningsprogram og motivere for fysisk aktivitet? Studiet har ein helsefagleg profil med fokus på korleis fysisk aktivitet kan brukast i folkehelsearbeidet. I undervisninga brukar vi både den storslåtte naturen i Sogn og dei gode lærings- og treningsfasilitetane på Fosshaugane Campus. Sogndal er kåra til Noregs beste UTEstad 2011.

Studieinnhald

Du lærer korleis fysisk aktivitet kan nyttast som førebygging, behandling og opptrening for ulike aldersgrupper med ulike behov og diagnosar. Utdanninga gir rett til tittelen Fysisk aktivitet og helse-rådgiver.

I studiet lærer du om

  • korleis planlegge, legge til rette for, leie og gjennomføre fysisk aktivitet for ulike målgrupper
  • korleis kroppen reagerer fysiologisk på ulike treningsformer
  • sentrale emne som humanfysiologi, treningslære, folkehelse, individ og samfunn, førebyggjande fysisk aktivitet og fysisk aktivitet for born, unge og eldre

Har du årsstudium i idrett eller anna relevant utdanning, kan du søkje opptak direkte til andre studieår. Dersom du har fagleg grunnlag som tilsvarar dei to første åra kan du søkje opptak direkte til tredje studieår. I desse tilfella søkjer du gjennom SøknadsWeb.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

Du vil ha forelesingar, kollokviearbeid, gruppearbeid, individuelt arbeid, laboratorieøvingar, praksis og prosjektarbeid.

Studiet legg vekt på at du som student skal vere aktiv, og arbeide saman med andre i små og store grupper der du får tilbakemelding frå medstudentar og faglærarar.

Studieopphald i utlandet

I siste studieår kan du ha eit studieopphald i utlandet.

Yrke og vidare studium

Studiet gir deg ei brei idrettsutdanning som kan nyttast ved opptreningssenter, i den kommersielle treningsbransjen, offentleg sektor, private føretak eller mot vidare forsking.

Med fullført bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse kan du søkje opptak til master i idrettsvitenskap ved HiSF. Saman med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer studiet til undervisningsstilling i skulen.

Studiet kan også danne grunnlag for opptak til masterstudium ved andre høgskular og universitet.

Sjå videosnuttar av den spektakulære naturen i området rundt Sogndal.


Sist endra: 17. april 2012

Del