For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Årsstudium

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse

Studiekode: 216 185

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Kari Aaberge

Administrativ kontakt: Solfrid Kjoberg

Krav om politiattest

Portrettbilde idrettsstudent
- Jeg vil gjerne jobbe med rehabilitering og opptrening. Jeg vil undervise, men jeg har ikke bestemt meg for om det skal være i eller utenfor skoleverket. Når du velger idrett, kan du jobbe på et veldig bredt felt, for faget kan brukes til nesten alt. Tilbudet innen friluftsliv gjorde at Sogndal var et veldig naturlig valg. Du trenger bare å gå ut døren for å være midt i naturen. Det er gode muligheter for toppturer her i nærheten.
Gaute Heggvold

Idrett

Årsstudium

Likar du å vere fysisk aktiv? I idrett årsstudium lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse aktivitetar for små og store grupper både inne og ute. I undervisninga nyttar vi både den storslåtte naturen i Sogn og dei gode lærings- og treningsfasilitetane på Fosshaugane Campus. Sogndal er kåra til Noregs beste UTEstad 2011.

Studieinnhald

Studiet har omtrent like mykje praktisk som teoretisk undervisning.

Du lærer mellom anna

  • aktivitetar som ballspel, friidrett, orientering, ski, svømming, dans, turn og friluftsliv
  • rørslelære, anatomi, motorikk, trenings- og undervisningslære
  • å gjennomføre haust- og vinterturar i fjellet

Det breie og aktive idrettsmiljøet i Sogndal med klatrevegg, kort veg til Sogndalsfjella og Jotunheimen og lang snøsesong dannar ei unik ramme for idrettsstudia våre.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

I dei teoretiske emna er undervisninga lagt opp med forelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. I dei praktiske emna vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigeninnsats og meistring av sentrale rørslemønster.

Det blir lagt vekt på at du deltek aktivt i alle delane av studiet. Undervisninga foregår inne og ute.

Du får to veker med praksis i grunnskulen.

Yrke og vidare studium

Etter fullført årsstudium kan du søkje opptak til bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor i idrett og kroppsøving eller bachelor i friluftsliv ved HiSF. Du kan også bruke studiet som del av ein bachelorgrad.

Studiet er i store trekk likt tilsvarande studium ved Norges Idrettshøgskole og andre institusjonar som gir idrettsutdanning, noko som gjer at du kan søkje opptak til vidare studium også ved andre høgskular og universitet.

Sjå videosnuttar av den spektakulære naturen i området rundt Sogndal.


Sist endra: 17. april 2012

Del