Studiestad: Sogndal
Studielengd: 3 år
Studiepoeng: 180
Nivå/grad: Bachelor
Opptakskrav: Generell studie- kompetanse/realkompetanse
Studiekode: 216 302
Søknadsfrist: 15.04.2012
Fagleg kontakt: Linda Hallandvik
Administrativ kontakt: Solfrid Kjoberg
Kan du tenkje deg å jobbe med friluftsliv – liggje i gapahuk, klatre i fjell, stå på ski og gå på bre? Med Jotunheimen, Jostedalsbreen og Sognefjorden som vårt store klasserom er målet at du skal bli ein god, kompetent vegvisar innan friluftsliv i skule, helsesektor og naturbasert turisme. I undervisninga nyttar vi også dei gode lærings- og treningsfasilitetane på Fosshaugane Campus. Sogndal er kåra til Noregs beste UTEstad 2011.
Studiet legg vekt på å lære grunnleggjande, praktiske ferdigheiter i friluftsliv. Du skal få kunnskap om og øve opp evne til kritisk å vurdere haldningar som pregar vår levemåte og ulike formar for friluftsliv.
I studiet lærer du
Har du årsstudium i idrett eller anna relevant utdanning kan du søkje opptak direkte til andre studieår. Dersom du har fagleg grunnlag som tilsvarar dei to første åra kan du søkje opptak direkte til tredje studieår. I desse tilfella søkjer du gjennom SøknadsWeb.
Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.
Du får mykje undervisning ute i naturen. I tillegg har du forelesingar, gruppearbeid, individuelt arbeid, praksis, prosjektarbeid og ekskursjonar. Du skal også gjennomføre eigendefinerte turar i smågrupper.
I siste semester kan du ha eit studieopphald i utlandet.
Studiet gir eit godt grunnlag for arbeid med idrett og friluftsliv innan frivillige institusjonar, helserehabilitering og den kommersielle naturbaserte reiselivsbransjen. Ved å ta eit år praktisk-pedagogisk utdanning i tillegg til bachelorgraden, kan du undervise i grunnskule, vidaregåande skule og folkehøgskule.
Med fullført bachelor i friluftsliv kan du søkje opptak til master i idrettsvitenskap ved HiSF. Studiet kan også danne grunnlag for opptak til masterstudium ved andre høgskular og universitet.
Sist endra: 17. april 2012