For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Sogndal

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Årsstudium

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse i tillegg til matematikk R1 (2MX) og enten R2 (3MX) eller eit anna realfag på VG3-nivå. Realkompetanse.

Studiekode: 216 373

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Tarald Seldal

Administrativ kontakt: opptak@hisf.no

Naturfagstudentar med feltarbeid

Naturfag

Årsstudium

Korleis blei fjordane til? Kvifor er breane blå? Dersom du vil lære meir om naturen, men er usikker på kva retning du skal velje, kan årsstudium i naturfag gi ein god start og eit grunnlag for vidare studium.

Studieinnhald

Årsstudiet i naturfag er bygd opp ved at du kombinerer emne som inngår i bachelorstudia fornybar energi, geologi og geofare og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.

Ved å setje saman emne frå desse studia kan du forme eit årsstudium som er tilpassa dine interesser og framtidsplanar. Du kan også velje å følgje alle emna frå eitt av bachelorstudia. Då kan du søkje opptak direkte til andre studieår i det aktuelle studiet når du er ferdig.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

Undervisninga kombinerer forelesingar, gruppearbeid, laboratorie- og feltarbeid. I tillegg blir det arrangert ekskursjonar til brear, fjell, fjordar og dalar i Sogn og Fjordane.

Yrke og vidare studium

Studiet kan inngå som del av ein bachelorgrad eller gi grunnlag for fritak ved tilsvarande høgskule- eller universitetsstudium.

Det er gode overgangsordningar til universiteta.


Sist endra: 17. april 2012

Del