For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Førde

Studielengd: 1 semester

Studiepoeng: 0

Nivå/grad: Kurs

Opptakskrav: Generell studie-kompetanse/realkompetanse.

Studiekode: 216 1910

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Eli Nummedal

Administrativ kontakt: post@hisf.no

Studentar i samtale

Ingeniør forkurs tresemester

Kurs

Har du lyst til å bli elektroingeniør eller geolog, men manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk? Tresemesterordninga kvalifiserer for opptak til bachelor i ingeniør elektro - automatiseringsteknikk, ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø eller bachelor i geologi og geofare ved HiSF.

Studieinnhald

Studiet gir deg kunnskapar innan matematikk og fysikk.

Matematikk:

  • Undervisninga skjer gjennom 6 veker på sommaren før ein tek til i første klasse.
  • Kvar dag er det 3 økter x 2 timar frå kl. 08.30 - 14.10
  • Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2 (2MX og 3MX)

Erfaringane frå sommarkurset er gode, og dei fleste passerer kurset med gode resultat.

Dersom du søkjer opptak til bachelor i geologi og geofare, treng du berre matematikkdelen av tresemesterkurset.

Fysikk:

  • Fysikken blir undervist parallelt med ingeniøremna haustsemesteret første studieåret. Totalt 90 timar.
  • Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1 (2FY)

Dersom du har har R1, R2 eller Fysikk 1 ( 2MX, 3MX eller 2FY), kan du få fritak for delar av kurset.

Når du har greidd alle emna første året, har du kome like langt som dei ordinære ingeniørstudentane.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

Du deltek på forelesingar og har rekneøvingar. Studiet har ein del gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte og mappevurdering.

Nyttige ressurssider:

Yrke og vidare studium

Tresemesterordninga kvalifiserer for opptak til bachelor i ingeniør elektro - automatiseringsteknikk, bachelor i ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø og bachelor i geologi og geofare ved HiSF.


Sist endra: 17. april 2012

Del