For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Førde

Studielengd: 1 år

Studiepoeng: 60

Nivå/grad: Kurs

Opptakskrav: Sjå innhaldsdelen.

Studiekode: 216 1909

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Eli Nummedal

Administrativ kontakt: opptak@hisf.no

Portrettbilde av ingeniorstudent
- Eg ville inn på forkurs først og fremst for å skaffe meg ein god jobb tidleg i livet. Eg hadde fullført lærlingtida som industrimekaniker og jobba som fagmann eit par år. Forkurs er hardt, men gir deg eit godt grunnlag for å studere vidare. Eg var ikkje veldig god i verken matte eller fysikk, men kom meg likevel greitt gjennom forkurset. Undervisning i klasserom og ”åpen-dør-policy" hos alle lærarane, gjer at vi føler at vi blir tatt vare på og øker snittet og trivsel i klassen betydelig. Og studentmiljøet er heilt knall!
Tomas Eikelid

Ingeniør forkurs, eittårig

Kurs

Ønskjer du å kvalifisere deg til opptak på bachelor i ingeniørfag? Ingeniør forkurs, eittårig er eit tilbod til deg som ikkje har tilstrekkeleg teoretisk bakgrunn frå vidaregåande skule, eller som ikkje har eksamen i realfaga matematikk og fysikk.

Studieinnhald

Forkurset inneheld faga matematikk, fysikk, norsk, teknologi og samfunn og engelsk. Du kan søkje om fritak for dei faga du har frå før.

Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.

Undervisningsmåtar

I studiet blir det lagt opp til klasseromsundervisning og øvingar.

Opptakskrav

Du må oppfylle eitt av følgjande opptakskrav:

  • Vk1 frå alle studieretningar i vidaregåande skule utanom allmennfagleg studieretning (Reform 94)
  • Vg2 frå alle programområde i vidaregåande skule utanom utdanningsprogram for studiespesialisering (Kunnskapsløftet)
  • Fullført vidaregåande skule, allmennfagleg studieretning, men utan nødvendig fordjuping i realfag (Fysikk 1 og R1 + R2 eller 2FY og 3MX)
  • Yrkespraksis, eller kombinasjon av yrkespraksis og skulegang, minimum 5 år. Må vere fylt 23 år.

Yrke og vidare studium

Med fullført kurs kan du søkje opptak til bachelor i ingeniør elektro - automatiseringsteknikk og bachelor i ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø ved HiSF, og elles ingeniørutdanning og maritim høgskuleutdanning i Noreg. Kurset gir ikkje generell studiekompetanse. Søkjarar med fullført forkurs (alle fag) etter godkjent opplegg kan konkurrere om studieplassane innanfor fastsette kvotar. Får du ikkje tilbod innanfor kvoten, kan du konkurrere om studieplass utanom kvoten på linje med andre søkjarar.


Sist endra: 17. april 2012

Del