For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 
Fakta om studiet

Studiestad: Førde

Studielengd: 3 år

Studiepoeng: 180

Nivå/grad: Bachelor

Opptakskrav: Yrkesfagleg utdanning og relevant fagbrev i elektro. Realkompetanse.

Studiekode: 216 1916

Søknadsfrist: 15.04.2012

Fagleg kontakt: Eli Nummedal

Administrativ kontakt: opptak@hisf.no

kraftverk

Ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø, Y-veien

Bachelor

Y-vegen er eit tilbod til deg som har fagbrev innanfor elektro og ønskjer å ta bachelor i ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø. Energiforsyning er heilt avgjerande for at eit moderne samfunn skal fungere, og det er eit stadig større fokus på fornybar energi. Utdanninga gir spennande jobbmoglegheiter i ein bransje som har stort behov for kompetanse.

Studieinnhald

Du startar med eit 6 vekers sommarkurs i matematikk. Det første studieåret følgjer du dei ordinære emna i ingeniørutdanninga, bortsett frå eit eige opplegg for elektrofaga og kvalifiserande fysikk og norsk.

Dei studieførebuande kursa i fysikk og norsk går parallelt med dei andre emna første året. Frå og med andre studieår følgjer du alle dei ordinære emna på ingeniørutdanninga.

Energi, elkraft og miljø er sentralt i studiet. Du vil også ha matematisk-naturvitskaplege fag, samfunnsfag, tekniske fag og valfag.

Du lærer mellom anna om

  • kraftproduksjon og overføring og forbruk av kraft, alt sett inn i ein miljøsamanheng
  • programmering
  • målesystem og programmerbare logiske styringar
  • elektriske anlegg
  • elektriske maskiner og installasjonar
  • høgspenning og kraftelektronikk

Undervisningsmåtar

Undervisninga varierer mellom forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid med tett oppfølging av faglærar. Prosjektoppgåver og avsluttande bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å kome i kontakt med framtidige arbeidsgjevarar.

Yrke og vidare studium

Energibransjen har stort behov for fagfolk. Berre i Sogn og Fjordane åleine er det behov for over 100 ingeniørar med kompetanse i elkraft dei neste 10 åra.

Etter fullført utdanning er du kvalifisert til å jobbe med alle typar energiproduksjon. Du blir i stand til å prosjektere elektriske og elektroniske system, du kan jobbe som konsulent og elektroentreprenør og kan føre tilsyn med elektriske anlegg. Arbeid offshore er like aktuelt som arbeid på land.

Du kan søkje på traineestilling hjå ei av våre samarbeidsbedrifter, framtidsfylket.no.

Med fullført utdanning er du kvalifisert til å søkje på masterstudium ved høgskular og universitet i inn- og utland.


Sist endra: 17. april 2012

Del