Studiestad: Førde
Studielengd: 3 år
Studiepoeng: 180
Nivå/grad: Bachelor
Opptakskrav: Sjå innhaldsdelen
Studiekode: 216 822
Søknadsfrist: 15.04.2012
Fagleg kontakt: Eli Nummedal
Administrativ kontakt: opptak@hisf.no
Har du lyst å jobbe med framtidas utfordringar? Energiforsyning er heilt avgjerande for at eit moderne samfunn skal fungere, og det er eit stadig større fokus på fornybar energi. Ein bachelor i ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø gir spennande jobbmoglegheiter i ein bransje som har stort behov for kompetanse.
Energi, elkraft og miljø er sentralt i studiet. Du vil også ha matematisk-naturvitskaplege fag, samfunnsfag, tekniske fag og valfag.
Du lærer mellom anna om
Undervisninga varierer mellom forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid med tett oppfølging av faglærar. Prosjektoppgåver og avsluttande bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å kome i kontakt med framtidige arbeidsgjevarar.
Generell studiekompetanse og matematikk R1 (2MX), R2 (3MX) og Fys 1 (2FY). Manglar du matematikk- og fysikkrava, kan du kvalifisere deg gjennom ingeniør forkurs tresemester. Du kan óg kvalifisere deg gjennom ingeniør forkurs, eittårig. Realkompetanse. Dersom du ikkje oppfyller opptakskrava, men har fagbrev innan elektro, kan du søkje på ingeniør elektro - energi, elkraft og miljø, Y-veien.
Energibransjen har stort behov for fagfolk. Berre i Sogn og Fjordane åleine er det behov for over 100 ingeniørar med kompetanse i elkraft dei neste 10 åra.
Etter fullført utdanning er du kvalifisert til å jobbe med alle typar energiproduksjon. Du blir i stand til å prosjektere elektriske og elektroniske system, du kan jobbe som konsulent og elektroentreprenør og kan føre tilsyn med elektriske anlegg. Arbeid offshore er like aktuelt som arbeid på land.
Du kan søkje på traineestilling hjå ei av våre samarbeidsbedrifter, framtidsfylket.no.
Med fullført utdanning er du kvalifisert til å søkje på masterstudium ved høgskular og universitet i inn- og utland.
Sist endra: 17. april 2012