Studiestad: Førde
Studielengd: 3 år
Studiepoeng: 180
Nivå/grad: Bachelor
Opptakskrav: Sjå innhaldsdelen.
Studiekode: 216 1912
Søknadsfrist: 15.04.2012
Fagleg kontakt: Eli Nummedal
Administrativ kontakt: opptak@hisf.no
Y-vegen er eit tilbod til deg som har fagbrev innanfor elektro og ønskjer å ta bachelor i ingeniør elektro - automatiseringsteknikk. Her får du spesialisere deg i automatisering i eit praktisk studium, der arbeid på laboratorium er sentralt. Næringslivet tilbyr både praksis og traineestillingar, og som elektroingeniør vert du ettertrakta på jobbmarknaden.
Du startar med eit 6 vekers sommarkurs i matematikk. Det første studieåret følgjer du dei ordinære emna i ingeniørutdanninga, bortsett frå eit eige opplegg for elektrofaga og kvalifiserande fysikk og norsk.
Dei studieførebuande kursa i fysikk og norsk går parallelt med dei andre emna første året. Frå og med andre studieår følgjer du alle dei ordinære emna på ingeniørutdanninga.
Du lærer mellom anna
Gjennom prosjekt samarbeider du med ulike bedrifter. Dette gjeld også hovudprosjektet som er eit større arbeid siste semester.
Gjennomførte hovudprosjekt frå ingeniørstudentar
Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12. Det vil ein bli ein del endringar i studieplanen for 2012-13 grunna ny nasjonal rammeplan.
Undervisninga varierer mellom forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid med tett oppfølging av faglærar. Du vil også møte interessante gjesteforelesarar frå næringslivet. I siste semester er det mulegheit for praksis i bedrift.
I våresemesteret av andre eller tredje studieår kan du ha eit studieopphald i utlandet.
Opptak til Y-vegen krev yrkesfagleg utdanning og relevant fagbrev i elektro, med ein av desse spesialiseringane:
Automatikar, energimontør, romteknologi, automatikkmekanikar, energioperatør, serviceelektronikar, elektrikar, el. motor og transf. rep, signalmontør, elektronikk, heismontør, tavlemontør, elektrooperatør, prod. elektronikar, telekommontør eller togelektrikar.
Har du liknande fagbrev kan du kontakte oss for å få kompetansen din vurdert. Individuell vurdering kan gjerast dersom du har fagbrev frå før Reform 94 eller utanlandsk fagbrev.
Det er i dag stort behov for ingeniørar i næringslivet. Mange verksemder treng ingeniørar i elektro og automatiseringsteknikk. Våre studentar er svært ettertrakta i næringslivet, og dei aller fleste får gode jobbtilbod før dei er ferdig utdanna.
Elektroingeniørar arbeider både offshore og på land. Dei fleste bedrifter er automatiserte, slik at mulegheitene er mange. Mange elektroingeniørar arbeider mellom anna i databransjen og i høgteknologiske bedrifter.
Du kan søkje på traineestilling hjå ei av våre samarbeidsbedrifter, framtidsfylket.no.
Fullført utdanning gjer deg kvalifisert til å søkje på masterstudium i inn- og utland.
Sist endra: 17. april 2012