Studiestad: Førde
Studielengd: 3 år
Studiepoeng: 180
Nivå/grad: Bachelor
Opptakskrav: Sjå innhaldsdelen
Studiekode: 216 005
Søknadsfrist: 15.04.2012
Fagleg kontakt: Eli Nummedal
Administrativ kontakt: opptak@hisf.no
Er du interessert i elektronikk og data? Då er bachelor i ingeniør elektro - automatiseringsteknikk noko for deg. Her får du spesialisere deg i automatisering i eit praktisk studium, der arbeid på laboratorium er sentralt. Næringslivet tilbyr både praksis og traineestillingar, og som elektroingeniør blir du ettertrakta på jobbmarknaden.
Dette er eit praktisk retta studium med stor fagleg breidde. Automatiseringsteknikk med måleteknikk og instrumentering står heilt sentralt i studiet. Du vil også ha matematisk-naturvitskaplege fag, samfunnsfag, tekniske fag og valfag.
Du lærer mellom anna om
I tredje studieår kan du spesialisere deg innan til dømes byggautomatisering eller energiteknologi. Dette året skal du også gjennomføre eit hovudprosjekt i samarbeid med bedrifter og verksemder i fylket.
Gjennomførte hovudprosjekt frå ingeniørstudentar
Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2011-12.
Undervisninga varierer mellom forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid med tett oppfølging av faglærar. Du vil også møte interessante gjesteforelesarar frå næringslivet. I siste semester kan du ha praksis i bedrift.
Du kan ta delar av studiet i utlandet.
Generell studiekompetanse og matematikk R1 (2MX), R2 (3MX) og Fys 1 (2FY). Manglar du matematikk- og fysikkrava, kan du kvalifisere deg gjennom ingeniør forkurs tresemester. Du kan óg kvalifisere deg gjennom ingeniør forkurs, eittårig. Realkompetanse. Dersom du ikkje oppfyller opptakskrava, men har fagbrev innan elektro, kan du søkje på ingeniør elektro - automatiseringsteknikk, Y-veien.
Det er stort behov for ingeniørar i næringslivet. Mange verksemder treng ingeniørar i elektro og automatiseringsteknikk. Studentane våre er svært ettertrakta i næringslivet, og dei aller fleste får gode jobbtilbod før dei er ferdig utdanna.
Elektroingeniørar arbeider både offshore og på land. Mange elektroingeniørar arbeider mellom anna i databransjen og i høgteknologiske bedrifter.
Du kan søkje på trainee-stilling hjå ei av våre samarbeidsbedrifter, framtidsfylket.no.
Med fullført utdanning er du kvalifisert til å søkje på masterstudium i inn- og utland.
Sist endra: 17. april 2012