For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Realkompetanse

Er du 25 år eller eldre og manglar generell studiekompetanse? Då kan du søkje om opptak ved HiSF på grunnlag av realkompetanse.

Realkompetanse er ei individuell vurdering av kunnskapar du har tileigna deg gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på annan måte.

Høgskulen har ein eigen opptakskomite som vurderer alle realkompetansesøknadar. Vurderingane blir gjort på grunnlag av basiskriteria under.

Søknadsfrist for søkjarar med realkompetanse som opptaksgrunnlag er 1. mars.

Slik søkjer du med realkompetanse gjennom Samordna opptak

Kontakt

Kontakt opptakskontoret dersom du har spørsmål.
Tlf: 57 67 60 00. E-post: opptak@hisf.no.



Sist endra: 06. september 2013 10:47:18