For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Reglar for vurdering av realkompetanse

§1. Bruksområde

  1. Desse reglane skal opne for at personar utan generell studiekompetanse skal kunne takast opp til alle studium ved HiSF.

§2. Søknadsfrist

  1. Søknadsfrist etter §1 er 1.mars.
  2. Ledige studieplassar kan lysast ut seinare.

§3. Realkompetanse som grunnlag for opptak

  1. Vurdering av realkompetanse er ei individuell vurdering av søkjaren sine samla kvalifikasjonar.
  2. Søkjarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret kan søkje om opptak til studium på grunnlag av realkompetanse.
  3. All utdanning og praksis blir vurdert. Vurderinga skal klargjere om søkjaren har dei naudsynte kvalifikasjonar for å gjennomføre studiet det gjeld. Praksis er løna og ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid og kursverksemd.
  4. Dokumentasjon som syner andre tilhøve som kan påverke vurderinga av søkjaren skal vurderast.

§4.Dokumentasjon

  1. Vurdering av realkompetanse vert gjort på grunnlag av innsendt dokumentasjon. Søkjarar kan i tillegg bli kalla inn til intervju.
  2. Dokumentasjon av utdanning er kopi av vitnemål, årskursbevis, karakterutskrift eller liknande frå universitet, høgskule, vidaregåande skule eller anna utdanningsinstitusjon.
  3. Yrkespraksis skal vere dokumentert med kopi av arbeidstidsattest og/eller fråsegn frå overordna. Ubetalt arbeid skal dokumenterast med fråsegn frå sakkunnig.
  4. Kurs og liknande skal dokumenterast med kursomtale som syner innhald, og kursbevis eller anna dokumentasjon som syner at søkjar har gjennomført kurset.
  5. Andre tilhøve skal vere dokumentert med fråsegn frå sakkunnig.
  6. Søkjar skal sende med ein personleg søknad der det blir gjort greie for eigen motivasjon og forventning til studiet, samt ein eigenvurdering av kvifor søkjar meiner å kunne gjennomføre studiet.

§5. Rangering

  1. Søkjarar etter desse reglane blir rangert i forhold til søkjarar med generell studiekompetanse utifrå ei skjønnsmessig vurdering.Søkjarane konkurrerer om studieplassar på grunnlag av ei slik rangering.

§6. Vedtak om opptak på grunnlag av realkompentanse

  1. Vedtak om opptak på grunnlag av realkompetanse gjeld det studiet søkjaren har fått opptak til.
  2. Søkjarar opptekne etter §3 vil ha generell studiekompetanse etter gjennomført eksamen av eitt års lengd eller to studium av eit halvt års lengd (60 studiepoeng) ved universitet eller høgskule.
  3. Vedtak etter §6-2 gjeld for 2 år. Dersom studenten ikkje har gjennomført 60 studiepoeng innan to år, vil studenten miste retten til å fortsette studiet. Studieretten kan utvidast i særskilde tilhøve (fødsel, sjukdom mm).
  4. Vedtak om bortfall av retten etter §6-3 vert gjort av direktøren.

§7. Sakshandsaming, vedtak og klage

  1. Søknader om opptak etter §3 vert førebudd og utgreidd av direktøren
  2. Vedtak i dette reglementet med unntak av vedtak etter §6-3 og 6-4 vert gjort av HiSF sin opptakskomite.
  3. Søkjarar som ikkje dokumenterer naudsynte kvalifikasjonar for studiet det gjeld etter §3, får vedtak om at dei ikkje har realkompetanse til dette studiet.
  4. Søkjarar som får godkjent realkompetanse som grunnlag for opptak til eitt eller fleire studium, men som ikkje når opp i konkurransen, får tilsendt vedtak om dette. Vedtak om godkjent realkompetanse gjev ikkje grunnlag for studiekompetanse ved andre fag eller studium.
  5. Søkjaren kan be om grunngjeving for vedtaket, seinast tre veker etter at ho eller han mottok brev med vedtaket. Søkjaren får grunngjeving ved å ta kontakt med høgskulen.
  6. Søkjaren kan klage på vedtaket. Frist for å klage er seinast tre veker etter at ho eller han mottok brev med vedtaket. Dersom det først blir bede om grunngjeving, vil klagefristen vere tre veker frå brev med grunngjeving er motteke. Klagen blir handsama av styret si klagenemnd ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Vedteke av HiSF-styret 21.02.2001 med heimel i Lov 12.mai 1995 nr.22 om universiteter og høgskoler §37, med endringar av 5. januar 2001.


Sist endra: 13. desember 2011 08:31:06