For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Medisinsk testing

Har du kome inn på ei av våre helse- eller sosialfaglege utdanningar? Les om krav til medisinsk testing.

Tuberkuloseundersøking

Som student ved helse- og sosialfaglege utdanningar og lærarutdanningar pliktar du å gjennomgå tuberkuloseundersøking. Kravet gjeld dersom du kjem frå eller har opphalde deg minst tre månader i desse landa i Europaregionen:

  • Albania, Armenia, Aserbajdsjan, Bosnia-Herzegovina, Bulgaria, Estland, Georgia, Kviterussland, Kasakstan, Kirgisistan, Kroatia, Latvia, Litauen, Makedonia, Moldova, Romania, Russland, Serbia og Montenegro, Tadsjikistan, Turkmenistan, Tyrkia, Ukraina, Usbekistan.

Det samme gjeld alle andre land unntatt USA, Canada, Australia, New Zealand og Japan.

Undersøkinga må vere gjennomgått minst to månader etter at du sist reiste frå eit av dei aktuelle landa.

Meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA)

Dersom du skal ha praksis/klinisk undervisning ved sjukehus, sjukeheim eller andre buformer for heildøgns pleie, pliktar du å gjennomgå undersøking for meticillinresistente gule stafylokokkar.

Kravet gjeld dersom du gjennom dei siste tolv månedane har arbeidd i helsevesenet eller vore innlagt på helseinstitusjonar utanfor Norden. Kravet gjeld óg dersom du gjennom dei siste tolv månadane har arbeidd ved helseinstitusjonar i Noreg med MRSA-smitte.

Kontakt
Dersom du lurer på noko knytta til medisinsk testing kan du kontakte Joanna Galek.


Sist endra: 16. januar 2012 10:17:48