Statuttane for fou-prisen vart vedtekne første gong i HSF-styret 17.12.98, endra 14.11.02 og 28.2.06.
1. Prisen for godt fou-arbeid er oppretta for å gi anerkjenning til fagpersonar eller fagmiljø ved HSF som har utført forskingsarbeid, utviklingsarbeid og/eller kunstnarleg utviklingsarbeid som held høge faglege mål i ein nasjonal og om mogleg internasjonal målestokk. Prisen skal òg kunne tildelast enkeltpersonar/fagmiljø som har utmerka seg med framifrå allmennretta og brukarretta forskingsformidling. Ved utdeling av prisen skal det leggjast vekt på at fou- og/eller formidlingsarbeidet skal fremje den faglege profilen til høgskulen og utvikle fagmiljø knytt til høgskulen sitt studietilbod. Prisen er ei belønning som vert tildelt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ein spore til vidare innsats.
2. Ved tildeling av prisen skal det leggjast særleg vekt på høg kvalitet av det utførte fou- og /eller formidlingsarbeidet. Dokumentert fou-aktivitet og formidling dei siste 2-3 åra skal telje mest. Prisen kan tildelast enkeltpersonar eller grupper av enkeltpersonar/ fagmiljø. Prisen kan òg givast til representantar for eit tverrfagleg fou-miljø.
3. Prisen vert tildelt av fou-utvalet.
4. Prisen består av ein pengesum, for tida kr 50.000 og ein diplom med namnet på prisen, år for tildeling og grunngiving for tildelinga. Prisen skal brukast til faglege/forskingsmessige formål som t.d. deltaking på vitskaplege konferansar, fagleg nettverksarbeid, vitjing til framståande fagmiljø, forskingsformidling m.v.
5. Alle tilsette, fagmiljø og formelle høgskule- og studentorgan har rett til å kome med framlegg på kandidatar til prisen. Medlemmene av tildelingsutvalet kan òg kome med framlegg. Ein kan foreslå kandidatar frå eiga avdeling/eige fagmiljø. Forslaga skal vere grunngivne, og gjere greie for innhaldet i og kvaliteten på det fou- og/eller formidlingsarbeidet som vert lagt til grunn.
6. Prisen vert tildelt annakvart år i samband med fagdagen i januar månad. Fristen for å kome med forslag på kandidatar vert sett til cirka ein månad før dette.
7. Prisen vert tildelt berre dei åra det ligg føre forslag på godt kvalifiserte kandidatar.
Sist endra av: Berit Amundsen, 10. august 2010 13:05:05
Publisert av: Berit Amundsen, 18. mai 2006 15:58:45