Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) er lokalisert i Sogndal og Førde.
Høgskulen har eit breitt fagleg spekter og til saman bortimot tre tusen studentar og tre hundre tilsette. Oppgåva er å yta faglege tenester med ein yrkesrelevant profil innanfor høgskulens kunnskapsfelt.
Høgskulen skal vere eit fagmiljø som utforskar og utviklar, og der både tilsette og studentar skal lykkast.
Bygging av nytt sentralbygg på Fosshaugane Campus føregår no. Sommaren 2012 vil høgskuleaktiviteten i Sogndal bli samla på Fosshaugane Campus når Høgskulebygget, som no er under oppføring, står ferdig. Sjå web-kamera.
|
Studiestaden FørdeHøgskulen held til i moderne lokale på Vie der det i 2010 også vart opparbeidd eit attraktivt uteområde. |
Alle høgskulebygga skal vere tilgjengeleg for alle. Sjå: Bygg for alle.
Sidan 2008 har høgskulen vore med i eit forpliktande samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar på Vestlandet i UH-nett Vest. Dei andre utdanningsinstitusjonane er Høgskulen i Bergen, Universtitetet i Bergen, Høgskulen i Volda og Høgskolen Stord/Haugesund.
Sist endra: 06. desember 2011 08:46:44