Fakta om studiet
Studiestad: Sogndal
Studielengd: To år heiltid/tre eller fire år deltid
Studiepoeng: 120
Nivå/grad: Master
Opptakskrav: Sjå innhaldsdelen
Studiekode: 216 1329
Søknadsfrist: 01.06.2013
Ofte stilte spørsmål
Kontakt oss
Søk på dette studiet
- Studiet er samlingsbasert og har ein naturleg progresjon fram mot den avsluttande oppgåva. Kvar samling er intensiv, med engasjerte og kunnskapsrike forelesarar. Det er praktisk mogeleg og meiningsfullt å kombinere studium og jobb. For min eigen del har det å fordjupe seg i sentrale tema innan læring og undervising gitt meirsmak. Tanken på å oppsøke upløygd mark og forske vidare etter ny kunnskap verkar spennande.
Ole Erik Grinde
Læring og undervisning
Master
Master i læring og undervisning passar for deg som ønskjer å fordjupe deg i prosessar knytt til læring og undervisning.
Studieinnhald
Vi tek opp problemstillingar frå skulekvardagen, og du får fordjupe deg innan læring, læringsmiljø, didaktikk og fagdidaktikk i faga norsk, matematikk eller kroppsøving.
I studiet lærer du
- om vitskapelege teoriar og metodar som er relevant for læring og undervisning
- om nyare klasseromsforsking
- å vurdere og drøfte tilpassa opplæring ut frå eit samfunnsmessig perspektiv
- korleis bidra til nytenking og innovasjonsprosessar knytt til læring og undervisning
Du finn meir informasjon om studiet i studieplanen for 2013-14.
Undervisningsmåtar
Forelesingar, seminar, gruppearbeid, casedrøftingar og prosjektorganisering. Studiet er samlingsbasert.
IKT blir brukt som kommunikasjonskanal og læringsverktøy.
Det blir lagt til rette for fleksibel gjennomføring av studiet.
Opptakskrav
Søkjarar må oppfylle eitt av følgjande opptakskrav:
- Tre- eller fireårig allmennlærarutdanning
- Bachelor i allmennlærarutdanning etter rammeplan av 2003 eller 2009
- Bachelor i grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10 etter rammeplan av 2010
Tilleggskrav (alle krava må vere oppfylte):
- Det er krav om 60 studiepoeng (sp) fordjuping i eitt av skulefaga norsk, matematikk eller kroppsøving.
- Fullført og greidd praksis frå grunnutdanninga (gjeld ikkje studentar som kjem direkte frå grunnskulelærarutdanninga 3. studieår)
- Karakteren C eller 2.7 rekna ut frå følgjande grunnlag:
- For allmennlærarutdanninga: Pedagogisk teori i lærarutdanninga (30 sp) + eitt skulefag på 60 sp (norsk, matematikk eller kroppsøving)
- For grunnskulelærarutdanninga 1-7 eller 5-10: Pedagogikk og elevkunnskap (60 sp) + eitt skulefag på 60 sp (norsk, matematikk eller kroppsøving)
Jobbmoglegheiter
Studiet tek sikte på å gi brei kompetanse for arbeid i grunnskulen. Avhengig av fagleg fordjuping vil det også kunne kvalifisere for arbeid i vidaregåande skule.
Vidare studium
Master i læring og undervisning gir grunnlag for opptak til forskarutdanning/doktorgrad.
Sist endra: 24. april 2013