Nytt tilbod til reiselivsnæringa

Lenkje til illustrasjonsfoto
Kvikne's hotel i Balestrand. Foto: Christian Houge/Innovasjon Norge

Reisemåla i fylket kan bli meir heilskaplege og konkurransedyktige. Eit steg på vegen er at dei ulike partane i reiselivet får meir kompetanse om reisemålsutvikling.

HSF og Innovasjon Norge har saman utvikla kurset Reisemålsutvikling. Målgruppa er destinasjonsselskap, kommuneplanleggjarar, aktørar innan overnatting og servering, kulturtilbydarar, aktivitets- og opplevingsbedrifter. Dei som fullfører kurset og tek eksamen, får ei utteljing på 10 studiepoeng.

Kurset har til saman fire samlingar, og den første er på Kvikne's hotel i Balestrand den 12.-13. november. Siste samling, som òg har skriftleg eksamen, er 25.-26. mars i Førde. Påmeldingsfristen er 1. oktober.

Fagleg ansvarleg på høgskulen er Ståle Brandshaug.

Les meir om studiet.


Sist endra: 12. august 2008 13:33:27