Hausten 2007 starta 15 studentar på studiet ”Leiing for velferd” ved HSF. No har HSF fått ca. 200 000 kroner i stipend frå Fondet for dansk-norsk samarbeid for at ei av studiesamlingane kan leggjast til Schæffergården i København.
Målsetjinga for studiet er deltakarane skal utvikle sin eigen leiings- og utviklingskompetanse gjennom å arbeide med moderne teoriar om organisasjon og leiing, og bruke desse til å analysere ulike situasjonar og problem i eigen organisasjon. Studiet er samlingsbasert med seks samlingar og blir avslutta på etterjulsvinteren 2009.
Formålet med ei samling i København er å sjå velferdsforvaltninga i Noreg som ein del av den skandinaviske velferdsmodellen og utveksling av kunnskap mellom dei skandinaviske landa. Vidare er det interessant å sjå korleis utfordringane i velferdsforvaltninga er løyst i andre skandinaviske land. Frå ein ståstad i distrikts-Noreg vil vi læra om den mest kontinentale delen av Norden - Danmark - og av den mest urbane delen av Danmark - København.
Opphaldet vil gje mulegheit for å sjå eigen kvardag i nytt perspektiv. Akademia og praksis vert kopla, både frå norsk side ved at førelesarar og tilsette i velferdsforvaltninga deltek, og frå dansk side der både universitetssektoren og arbeidslivet vil delta i undervisninga. Besøket vil òg vera viktig for å skape nye kontaktar og utvida nettverket innan forsking, utvikling og velferdsforvaltning i Danmark og Noreg.
”Studieopphaldet i København har kome i stand i eit tett samarbeid mellom studentane, HSF og NAV Sogn og Fjordane” seier studieleiar Leif Longvanes som ser fram til å kople norsk og dansk kunnskap om leiing i offentleg sektor på studiesamlinga.
Les om studiet Leiing for velferd, 30 studiepoeng. Les om Fondet for dansk-norsk samarbeid.
For informasjon, kontakt fagansvarleg Leif Longvanes, tlf. 57 67 63 24 eller leif.longvanes@hisf.no
Sist endra: 06. mai 2008 14:11:55