Det er litt av motivasjonen for 14 damer og menn som har byrja på studiet Leiing for velferd. Alle har leiar- eller utviklingsoppgåver i statleg og kommunal velferdsforvaltning, og kvar enkelt møter dagleg dei store utfordringane i sektoren.
Difor var dei ekstra motiverte då dei møtte fram til fyrste samling på Sandane i Gloppen. Allereie den fyrste dagen fekk dei faglege utfordringar av førelesarane Leif Longvanes og Magne Eikås. Etter førelesingane jobba dei vidare i grupper for å leggja fram neste dag. Leiing for velferd er ingen ferie. Me les i studieplanen:
Vidareutdanninga Leiing for velferd er eit studium for personar som ønskjer og vil ta på seg leiaroppgåver eller vidareutvikle seg som leiar. Studiet er innretta mot tilsette i NAV, kommunar og tilgrensande organisasjonar som arbeider med produksjon av velferdstenester. Studiet er ambisiøst og krev innsats frå den enkelte student.
Studiet har eit omfang på 30 studiepoeng. Det byrja i november og vert avslutta til påske i 2009. Det er framleis ledige plassar.
Sist endra: 14. november 2007 14:16:31