Naturen brukar nærare 50 år på å bygge seg opp att etter store naturinngrep. Nye metodar for restaurering og frøplanting kan framskunde prosessen.
- Det er lang tid, men likevel ikkje uventa. I høgfjellet er det kort vekstsesong og låge temperaturar. Dei biologiske prosessane går dermed saktare og ting tek tid, seier professor Knut Rydgren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Han er samstundes glad for at utviklinga var så positiv. – Det er på ingen måte gitt at vegetasjonen skulle utvikle seg og bli tilnærma identisk med dei uforstyrra områda.
Sårbare område
Han har saman med forskarar frå Universitetet i Oslo og Høgskulen i Telemark sett nærare på korleis vegetasjonen på fem steintippar har utvikla seg. Det er første gang forskarar har prøvd å estimere kor lang tid det tek for vegetasjonen å bli mest mogleg identisk med nærliggande område.
Steintippar er deponi av overskotsmasse eller stein som kjem frå tunellsprenging eller boring i samband med kraftutbygging. Steintippar finst ofte høgt til fjells, og det er mindre kunnskap om økologien der, korleis plantar, dyr og andre organismar oppfører og utviklar seg. Desse fjellområda over tregrensa er meir sårbare for naturinngrep, og det tek ofte lang tid å restaurere slike område.
Omfattande arbeid
Rydgren og kollegaene har samanlikna sine data med funn Gudrun Skjerdal gjorde i si hovudfagsoppgåve tidleg på 90-talet, og med en studie Skjerdal og Arvid Odland gjorde i 1995. – Ho og Odland gjorde grundige studiar, spesielt på mose og lav, og at vi kunne samanlikne våre funn opp mot tidlegare studiar, gjer vårt prosjekt ekstra interessant, fortel Rydgren.
- Vi har samanlikna utviklinga på to tidspunkt. Første gang 6-16 år etter at steintippen vart laga og sist 24-34 år etterpå. Dekket av mose og lav var likt med det uforstyrra landskapet etter om lag 30 år, og det same var artsmangfaldet, fortel Rydgren.
Samstundes legg han til at karplantar, som krekling, blokkbær, blåbær og fjellsmelle, ser utviklinga ut til å gå treigare. Forskarane reknar med at det vil ta nærare eit halvt år-hundre før vegetasjonssamansettinga på dei fem steintippane er nokolunde lik vegetasjonen i området rundt.
Stor forskingssatsing
Forskingsprosjektet på steintippar vart starta opp i 2008, og skal halde fram ut 2011. EnergiNorge har nettopp løyvd 600 000 kroner til prosjektet som NVE tidlegare i år ga 150 000 kroner til.
Neste steg i prosjektet er å analysere alle dei 19 steintippane som er undersøkt sidan 2008. Forskarane vil sjå på kva faktorar som best forklarer skilnadar i vegetasjonsutviklinga på dei ulike tippane. Målsettinga er å kunne seie noko om kva som kan og bør gjerast for at rehabiliteringa i størst mogleg grad kan redusere naturinngrepa.
Nye tiltak
Artikkelen som står på trykk i Ecological Engeneering diskuterer også dei metodane som er brukt for å restaurere steintippane, og om desse kan gjerast meir effektive.
- Slik vi tolkar funna våre er det ein del nye tiltak som bør gjennomførast dersom nye tippar skal byggast eller gamle byggast om. Dersom det er ynskjeleg å så, bør det til dømes brukast frø frå lokale kjelder, og då av artar som allereie finst i nærleiken av inngrepet. Overflata på steintippane bør også gjerast meir variert, og innhaldet av leire, silt og sand bør aukast. Det vil gje ei raskare vegetasjonsetablering og – utvikling, seier Rydgren.
Sist endra: 05. april 2011 09:44:47