Er du på jakt etter liv på andre planetar og månar? Mikroorganismar som lever under breen kan hjelpe deg å finne riktig stad å leite!
Glasiolog, Jacob C. Yde, ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, har studert det skjulte livet under breen. Saman med kollegaer frå Danmark og Storbritannia har han publisert to artiklar i siste utgåva av Annals of Glaciology.
Det er berre dei siste 15 år forskarane har påvist at det faktisk er liv under ismassane. – Gjennom forskinga vår er det tydeleg at det finst eit biologisk mangfald under isen. Organismane er tilpassa dei ekstreme forholda utan oksygen og lys, og med konstant kulde og mangel på næringsstoff, seier Yde.
Forskarane har no ny kunnskap om organismane si tilpassingsevne og utbreiing. Mellom anna har dei ved hjelp av DNA-prøver har dei påvist at organismane under innlandsisen på Grønland er i nær slekt med liknande skapningar på Svalbard, Canada, Bolivia og New Zealand.
- I solsystemet vårt, til dømes på Mars og Jupiters måne, Europa, er det is og teikn på flytande vatn. Dette har ført til spekulasjonar om potensielt liv. Det er mogleg at organismar, liknande dei vi har sett under Grønlandsisen, kan gøyme seg og leve eit beskytta liv under isen, også desse stadene. Når dei klarer å tilpasse seg dei mest ekstreme forholda på jorda, er det mogleg at liv også gjer det andre stadar, fortel Jacob C. Yde.
I den andre studien har Jacob Clement Yde og kollegane for første gang undersøkt mikroorganismane sitt forbruk av drivhusgassen metan framfor brear. Undersøkingane til forskingsgruppa syner at mikroorganismane produserer metan, mens dei er under breen, men når breen trekk seg tilbake endrar tilhøva seg. Då blir omgjevnadane oksygenrike og organismane bruker i staden metan.
– Når organismane tek til seg meir metan, så er det faktisk med på å redusere temperaturstigningane. Så sjølv om det her er snakk om nokon av dei minste skapningane på jorda, så har dei stor påverknad, seier Yde.
Du kan laste ned artiklane her.
Sist endra: 11. mars 2011 11:00:30